Vegard Breie/Nasjonalarkivet
Oppgåver løyste på vegner av offentleg organ: § 7 i ny arkivlov
§ 7 i lov om dokumentasjon og arkiv (arkivlova) gjeld dokumentasjon av lovpålagde oppgåver som er løyste på vegner av eit offentleg organ.
Ordlyden i § 7 vart endra i Stortinget etter handsaminga i familie- og kulturkomiteen.
Føresegna har ikkje vore på høyring med den ordlyden ho har i dag, og det er heller ikkje gjennomført ei utgreiing av administrative og økonomiske konsekvensar av heimelen.
Nasjonalarkivet får mange spørsmål om føresegna, og har inntrykk av at forvaltninga har behov for fleire avklaringar. Når vi har fått betre oversikt over kva § 7 inneber, og kva omfang føresegna kan få, vil vi fortløpande publisere informasjon og rettleiing på heimesida vår.
Departementet har høve til å gi nærare føresegner i forskrift, men har ikkje nytta seg av den moglegheita.