Skilt for Nasjonalarkivet med norsk våpenskjold på mørk bakgrunn, opplyst hvit skrift.
Skilt for Nasjonalarkivet med norsk våpenskjold på mørk bakgrunn, opplyst hvit skrift.

Arkivverket blir Nasjonalarkivet

1. januar 2026 skiftar Arkivverket namn til Nasjonalarkivet. Namneendringa følgjer av ny arkivlov. 

– Namnet Nasjonalarkivet fortel tydelegare kven me er, og kva me gjer. Me er den sentrale institusjonen for arkiv i Noreg. Me skal sikra at styresmaktene dokumenterer prosessane og avgjerdene sine, slik at innbyggjarane kan få kunnskap om desse. Det er viktig for folks rettstryggleik. I tillegg bevarer me offentlege, og viktige private arkiv på lang sikt, for framtida. I dette perspektivet er innhaldet i arkiva ein viktig del av Noregs kulturarv, seier Inga Bolstad.    

I to veker til er ho riksarkivar før både tittelen hennar og institusjonen ho leier blir nye: nasjonalarkivar og Nasjonalarkivet.  

Namneendringa er vedteken av Stortinget gjennom den nye arkivlova, som trer i kraft 1. januar 2026. 

Tydelegare rolle 

Bakgrunnen for namnebytet er at den tidlegare namnestrukturen har vore utydeleg for mange. Omgrepa Arkivverket, Riksarkivet, riksarkivaren og statsarkiva har vorte brukte om kvarandre, og det har ofte vore uklart for publikum kven som har ansvar for kva. 

– Me har over tid opplevd at mange ikkje har forstått at Arkivverket er éin samla nasjonal etat, med ansvar for arkiv og dokumentasjon i heile landet. Med namnet Nasjonalarkivet blir dette langt tydelegare, seier Bolstad. 

Namnet Nasjonalarkivet vart tilrådd allereie i 2019 av Arkivlovutvalet, som peika på behovet for eit namn som betre synar rolla og samfunnsoppdraget for verksemda. 

Éin nasjonal etat uansett stad

Med namneskiftet blir det tydelegare at Nasjonalarkivet er éi samla verksemd, uavhengig av kvar i landet tilsette og brukarar er. 

– Me jobbar i dag digitalt, stadsuavhengig og heilskapleg. Tenestene våre er tilgjengelege for heile befolkninga, uansett bustad. Namnet Nasjonalarkivet speglar dette, seier Bolstad. 

Nøktern gjennomføring

Namneendringa blir gradvis gjennomførte og utan unødige kostnader. Eksisterande materiell blir bruke om attder det er mogleg, og oppdateringar av skilt, dokumentmålar og digitale flater skjer innanfor ordinær drift. 

– Dette er ikkje ei kostbar omprofilering, men ei naudsynt og ryddig tilpassing som følgjer av ny lov. Me er opptekne av å gjera dette på ein så effektiv og rimeleg måte som mogleg, seier Bolstad. 

Om Nasjonalarkivet

Nasjonalarkivet er arkivstyresmakta i staten og har ansvar for å bevara, tilgjengeleggjera og føra tilsyn med arkiv og dokumentasjon i Noreg. Etaten forvaltar arkiv av stor tyding for rettstryggleik, demokrati, forvaltning og det kollektive minnet i samfunnet.