Vegard Breie/Nasjonalarkivet
Desse får arkivtilsyn i 2026
Nasjonalarkivet planlegg å gjennomføre seks tilsyn i 2026. Behov for å utarbeide rettleiing til forvaltinga, og dessutan regelverksarbeid, gjer at vi i år prioriterer tilsyn med statlege verksemder.
Tema for tilsyn
Omfanget av tilsyna blir i år avgrensa til to tema. Ved val av tema for tilsyn har vi vektlagt problemstillingar der regelverket i liten grad er endra.
Temaa for tilsyn i 2026 er:
- internkontroll med dokumentasjonsforvaltninga
- bevaringsreglar som gjeld statlege verksemders faglege ansvarsområde
Dei utvalde verksemdene
Følgjande statlege verksemder får tilsyn frå Nasjonalarkivet i 2026:
- Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)
- Kontoret for valdsoffererstatning
- Spesialeininga for politisaker
- Sjukehusapoteka i Midt-Noreg HF
- Norsk nukleær dekommisjonering (NND)
- Artsdatabanken
Desse er valde ut på bakgrunn av ein risikoanalyse. Risikoanalysen viser at det er svært sannsynleg at eit tilsyn kan bidra til betre arkiv og dokumentasjonsforvaltning.
Digital rettleiing for kommunar og fylkeskommunar
Sidan kommunar og fylkeskommunar ikkje får tilsyn i 2026 vil Nasjonalarkivet gjere ein særleg innsats for å gi god rettleiing til kommunane i tida som kjem. Meir informasjon om dette kjem i eit eige brev til kommunar og fylkeskommunar i løpet av kort tid.