Prosjektets føremål er å kartlegge tilgang på metadata i dei ulike publiserings plattformene i arkivsektoren, sett frå ein sluttbruker sitt perspektiv. Kva type metadata får ein tilgang på direkte i systema, kva er likt og kva er ulikt. Korleis er stateleg, fylkeskommunalt, kommunalt og privat arkiv presentert? Ønska resultat er å sjå på potensialet ein har i samarbeid om utvikling av ein felles standard og/eller bruk av system uavhengig metadata.
Tittel: Tilgang på metadata i eit brukerperspektiv
Status: Pågående
Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal
Tema: Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 250 000 kr
Tildelingsår: 2025
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Prosjektet vil primært sjå på Digitalarkivet og Digitalt museum. Vil sluttbruker sitte igjen med same forståing av arkivet uavhengig av publiserings plattform? Kva konsekvensar får dette for sluttbrukar? Finnes det potensiale i samkøyring av felles metadata standard og er det behov for strukturelle justeringar i systema? Nytteverdi i prosjektet er at ein får kartlagt likheiter og ulikeheiter, samt dokumentert potensiale i samkjøring av metadata for dei to systema. Målet er å nytte dette vidare i ein ny søknad til Arkivveksthuset, for å sjå på utarbeiding av retningslinjer/beste praksis, bruk av ein felles standard og/eller bruk av system uavhengig metadata. Forslå tekniske og strukturelle justeringar. Innovasjon: Prosjektet vil innhente informasjon på ein systematisk og uavhengig måte. Det er planlagt ei spørjeundersøking og ein brukertest. Det er ei utfordring som er kjent i ABM-sektoren, både regionalt her i Møre og Romsdal, men også nasjonalt. Senter for Kulturarvdigitalisering ved Nasjonalbiblioteket påpeiker sjølve på sine nettsider om METADATA under kapittel tilgang på tvers av sektor følgande «I dag er ABM-feltet sektordelt når det kommer til formidling og tilgjengeliggjøring av materiale. Arkivene bruker ofte Digitalarkivet, museene bruker Digitalt museum og bibliotekene har sine tjenester.