I Møre og Romsdal, ofte skildra som fogderifylket, er der først og fremst ei bedrift som har sameint oss: Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Selskapet, som vart stifta i juni 1920, dreiv båt- og ferjetrafikk i Møre og Romsdal, fram til 2001. Arkivet etter MRF står derfor i dei særstilling når det gjeld samferdselshistoria i fylket vårt. Innsamling / bevaring av arkiv etter samferdselssektoren står oppført i tiltaksplanen basert på Bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal 2024-2027. No ønsker vi å søke midlar til ordning, registrering og tilgjengeleggjering av dette arkivet.
Tittel: Som skyttel i vev
Status: Pågående
Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal
Tema: Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 600 000 kr
Tildelingsår: 2025
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Våren 2025 vart eigedomsretten til MRF-arkivet overført frå Fjord1 til IKAMR, som er fylkeskoordinerande institusjon for privatarkiv i Møre og Romsdal. Arkivet består av: styremøtepapir, årsmeldingar, avisutklipp, korrespondanse, kontrakter, dekksjournalar, reknskap, lønningslister, foto – og andre så langt uidentifiserte arkivseriar. Ytterår ca 1920 – 2001. I mengde utgjer arkivet: 70 hyllemeter. Tilstand: arkivet er uordna. Vi søker no om 1-årig prosjekt for å ordne og katalogisere papirarkivet. Så langt veit vi at digital dokumentasjon har eksistert frå iallefall ca 1995 til overtakinga i 2001. Om dette digitale arkivet er bevart har vi så langt ikkje fått kartlagt hjå Fjord1. Dette er noko vi ønskar å jobbe med paralelt med ordning av papirarkivet, og evt kome tilbake med ein ny søknad neste år på bevaring av digital dokumentasjon. Tilgjengeliggjøring: IKAMR Ordning, ompakking og registrering: 01.03.2026 – 01.12.2026 Publisering til arkivportalen: desember 2026 Sluttrapport: desember 2026 / januar 2027