Mål og rørsle – bevaring av to viktige arkiv frå Telemark

Vest-Telemark Museum (VTM) søkjer støtte til ordning, bevaring og tilgjengeleggjering av arkiv etter to viktige aktørar innan kultur- og språkfeltet i Telemark. Telemark Ungdomslag vart skipa i 1895 og Telemark Mållag vart skipa i 1908. Begge lag er framleis i drift. Prosjektet gjeld papirarkiv etter dei to organisasjonane. Desse inneheld dokument frå startåret og fram til 2010-talet. Omfanget for uordna materiale er om lag 23 hyllemeter. Dette er sentrale kjelder til kunnskap om utvikling av nynorsk skriftkultur. Arkiva vil bli registrert i ASTA og publisert på Arkivportalen. VTM er del av Telemarksarkivet.

Tittel: Mål og rørsle – bevaring av to viktige arkiv frå Telemark

Status: Pågående

Prosjekteier: Telemarksarkivet, Vest-Telemark museum

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 120 000 kr

Tildelingsår: 2025

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Prosjektet omfattar arkiv frå to arkivskaparar: Telemark Ungdomslag vart skipa i 1895 og er eit fylkeslag inn under Noregs Ungdomslag. T.U. har per i dag 251 medlemer, fordelt på fleire lokallag i fylket som driv med dans, teater, sang og musikk, aktivitetar for barn m.v. Laget har i lengre tid leita etter ei løysing for å sikre arkivet for ettertida. Det er i dag oppbevart på eit loft i Hjartdal (sjå foto). Arkivet omfattar om lag 15 hyllemeter, fordelt på protokollar, permar, boksar og lause blad. Fyrste styreprotokoll for perioden 1894-1907 er blant dokumenta. T.M. er eit fylkeslag i Noregs Mållag. Mållaget har i dag 536 medlemer, fordelt på 12 lokallag i Telemark. Fylkeslaget er eigar av Telemark Forlag som mellom anna gjev ut Jol i Telemark. Årets jolehefte er den 92. utgåva. I perioden 1955 til kring 2015 gav Telemark Mållag og ut Årbok for Telemark. Arkivet er allereie avlevert til Vest-Telemark Museum og er mellombels lagra i magasin. Uordna er materialet på om lag 8 hyllemeter. Fyrste styreprotokoll frå 1908 er blant dokumenta. Tilgjengeliggjøring: Arkivet blir forvalta som del av kjeldesenteret til Vest-Telemark Museum, Eidsborg.