Digital kontaktkopiering

Prosjektets føremål er å utprøve ein velkjent metode frå den analoge verden over i digital form. Vil ein digital kontaktkopiering av filmnegativ (still fotografi) fungere som ein ny digital metode for å få motiv oversikt i filmnegativa? Ved hjelp av ny teknologi gjennom kamera og bildesensor med svært høg oppløysning (150 millionar punkt) så vil prosjektet utforske denne moglegheita. Ønska resultat vil være digital filer som er konvertert til positivt bilde for rask og effektiv motivoversikt, samt god nok detaljrikdom for å vurdere fokus/skarpheit i filmnegativa.

Tittel: Digital kontaktkopiering

Status: Pågående

Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal

Tema: Bevaring privatarkiv, Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 218 360 kr

Tildelingsår: 2025

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Digital kontaktkopiering Dei enorme mengdene av 35mm filmnegativ som finnes i til dømes pressearkiv frå avisredaksjonar er utfordringa prosjektet vil ta tak i. Korleis få ei rask og effektiv oversikt over innhaldet utan å iverksette omfattande ompakking av original materialet. Film negativa sitt andre steg etter framkalling var å gjennomføre ei såkalla kontaktkopiering, dette er som namnet tilsei, ei kopiering via kontakt mellom negativ og fotopapiret i eit 1 til 1 størrelse forhald. Heile filmen vart klipt opp i remser og satt inn i eit filmnegativ ark/lommer av gjennomsiktig plast. Resultatet vart eit positivt bilde som gav ei rask motivoversikt over alle motiva, fungerte som vurderings grunnlag for eksponering (lysmengd), skarpheit/fokus og for vidare å kunne velje ut det beste negativet/motivet for forstørring/etterbehandling. Ei digital kontaktkopiering som dette prosjektet vil utforske vil forgå via ei avfotografering/mediekonvertering ved hjelp av ny teknologi av filmnegativ arka/lommene. Dette vil kunne gi ei detaljrikdom opp til 1100 punkt per tomme for ein heil 36 eller 24 bilde film (35mm formatet). Resultatet vil kunne gi ei svært rask digital motivoversikt, utan å måtte ta filmnegativa ut av sine originale ark/lommer.