Nynorsk kultursentrum (NK) saman med Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal (IKAMR) ønskjer å kartleggje og samle og seinare ordne og tilgjengeleggjere arkiv etter ungdomslag og mållag i fylket. Som del av arbeidet vil NK utvikle ein metode for innsamling av slike arkiv i heile landet. Som del av prosjektet vil NK og IKAMR òg utvikle ein rettleiar for laga om korleis dei kan ta vare på arkiva sine. Vi ser i samtalar med lag og organisasjonar at spørsmålet om bevaring også i samtid kjem opp ved kontakt. Ein slik rettleiar vil òg ha overføringsverdi for resten av landet og for andre.
Tittel: Bevaring av arkiv etter ungdomslag og mållag
Status: Pågående
Prosjekteier: Nynorsk kultursentrum
Tema: Bevaring privatarkiv
Tildelt beløp: 240 000 kr
Tildelingsår: 2025
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Arkiv etter mållag og ungdomslag er kulturelle og språklege tidsbilete frå tida dei er skapte i, og dokumenterer viktige deler av språk- og samfunnshistoria vår. Arkiva dokumenterer den norske språkdebatten og kampen for nynorsk på ulike område. Der mållaga har hatt nynorsk som si kjernesak, har språkspørsmålet hatt varierande tyngde i dei ulike ungdomslaga. Ungdomslagsrørsla fungerte likevel på mange vis som eit organisasjonssystem for målrørsla i starten, og målsaka har halde fram å vere ei av kjernesakene i Noregs ungdomslag. Målrørsla og ungdomslagsrørsla var frå byrjinga tett samanvovne gjennom nasjonsbygging og folkeopplysing. Ungdomslaga og mållaga oppstod på slutten av 1800-talet som eit svar i tida på behov for opplysing og samling rundt nasjonale verdiar, og som organisering av målrørsla. Ungdomslaga og mållaga vaks opp frå grasrota, og mange av dei lokale laga oppstod før sentrallaga Noregs Ungdomslag (1896) og Noregs Mållag (1906) blei skipa. Språkspørsmålet grip inn i mange sider av liv og samfunn, og arkiva dokumenterer såleis både språk- og kulturhistoriske emne. Fleire mållag- og ungdomslag dreiv også næringsverksemd i form av kaffistover og bondeheimar. Felles for ungdomslaga er at dei har vore engasjerte i fleire emne. Vi har allereie starta dialogen med fleire av laga. Utarbeide rettleiar.