Kommunearkivordninga i Vestland ønskjer å legge til rette for saumlaus framfinning av historiske datasett og samtidig byggje brukarkompetanse hjå saksbehandlarar i kommunane. Målet med dette prosjektet er å kome i gong med innsynsløysinga KDRS søk og vis, og få laga ein metodikk og ei skreddarsydd brukaropplæring for at kommunane sjølve skal kunne gjere oppslag, finne fram og ikkje minst stenge ned ressurskrevjande, avslutta fagsystem.
Tittel: Samarbeid om auka brukarkompetanse for oppslag i historiske data
Status: Avsluttet
Prosjekteier: Kommunearkivordninga i Vestland
Tema: Overføring og bevaring
Tildelt beløp: 50 000 kr
Tildelingsår: 2024
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Kommunearkivordninga i Vestland ønskjer å gjere ulike typar datasett, frå fagsystem som ikkje lenger er i bruk, tilgjengelege for saksbehandlarar ute i kommunane, og lage skreddarsydd brukaropplæring med fokus på saksbehandlarar. Datasetta kjem frå fagsystem som ikkje lenger er i bruk, og dei skal gjerast tilgjengelege i innsynsløysinga KDRS Søk & Vis. Det langsiktige målet er å få på plass ein metodikk for korleis arkiveigarar sjølve kan nytta denne innsynsløysinga på alle historiske data. Det er ei utfordring at kommunane i gamle Sogn og Fjordane driftar avslutta databasar for oppslag i utgåtte fagsystem. Dette prosjektet vil både bygge brukarkompetanse i kommunane, og det vil spara kommunane for dyre lisensavtalar. Prosjektet vil ta føre seg ein av kommunane som er deltakar i det kommunale oppgåvefellesskapet vårt, Kommunearkivordninga i Vestland KO. Andre kommunar vil ha nytteverdi av prosjektet då me tek sikte på å formidla erfaringar og metodikk i seminar og kurs. Ønska resultat for prosjektet er: a) At kommunane vert stilt fri frå leverandørar av avslutta fagsystem og får ein enklare inngang til ulike typar arkivdata, b) at kommunane gjennom prosjektet sjølv får brukarkompetanse for oppslag i innsynsløysinga, og c) at prosjektet fører til økonomisk innsparing for kommunane.