Kulturgeografisk registrering – eit Vestlandsarkiv

Prosjektet tek sikte på å ordne og katalogisere arkivet «Kulturgeografisk registrering» (KGR), slik at ein unik dokumentasjon av den materielle folkekulturen i Vestland kan bli stilt til rådvelde for publikum. Fylket har ei omfattande og rik historie knytt til gjenstandar, bygningar og anna fysisk minnemateriale. KGR er i nasjonal samanheng eit eineståande tilfang, ved at det gjev samanheng og meirinformasjon til dagens materielle kulturarv. Samstundes representerer arkivet ei tidsreise attende til det kvardagslivet som dominerte Vestlandet fram til fiskarbonden for alvor forlet levevis og produksjonsmåtar som hadde prega samfunnet i uminnelege tider.

Tittel: Kulturgeografisk registrering – eit Vestlandsarkiv

Status: Pågående

Prosjekteier: Vestland fylkeskommune

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 500 000 kr

Tildelingsår: 2024

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Kulturgeografisk registrering (KGR) er ei arkivsamling som i både innhald og opphav er kompleks. Proveniensen er blanda. I hovudsak er det tale om ymse materiale med privat opphav som stammar frå ulike dokumentasjonsprosjekt knytt til Universitetsmuseet i Bergen. Ei arbeidsgruppe med Robert Kloster som leiar sette seg på 1930-talet ei djerv målsetjing om å «samle alle opplysninger om den materielle kultur i et centralarkiv». Konkret skjedde det gjennom ei storstila utsending av spørjeskjema til kring 6000 husstandar over heile Vestlandet. Registreringa av tun og husbygging resulterte i ein omfattande dokumentasjon av vestlandske butilhøve. Det kom inn svar frå fleire hundre respondentar. Gjennom teikningar, foto og skriftlege forklaringar blei det kartlagt ei mengd omstende, i hovudsak knytt til gardsanlegg og husbygging. Under krigen stansa arbeidet opp, men vart seinare ført vidare gjennom programmet for ”Registrering av bygdehandverk på Vestlandet”. Målsetjinga var å få oversyn over gjenstandar og handverkstradisjonar på bygdene, for slik å setje museumsgjenstandane inn i sin rette samanheng. Frå slutten av 1960-talet tok Universitetet i Bergen og fylkeskonservatoren i Hordaland i fellesskap registreringsarbeidet over i ein ny fase gjennom ei breispektra kartlegging av faste kulturminne. KGR var eit nybrottsarbeid, både i metode og innhald.