Under arbeidet med det større, treårige arkivprosjektet «Et felles arkiv i Kystmuseene», kom museumsselskapet over ei utfordring i Honningsvåg knytt til eit om lag 55 hyllemeter stort arkivmateriale, plassert på pallar og oppbevart på eit hamnelager. Føremålet med prosjektet er å få berga, ordna, emballert og katalogisert dei to nemnde arkiva etter SiFi- og Richard Floer-bruket i Honningsvåg. Hamnelageret er ikkje egna som lokale, høva vert oppfatta som kritiske og bygget skal uansett rivast i løpet av våren 2025. Nordkappmuseet i Honningsvåg (ei av seks avdelingar i museumsselskapet) har per no ikkje kapasitet, ressursar eller plass til å korkje ordne arkivet, eller oppbevare det i lokala sine. Det er dimed ynskjeleg å få engasjert eit eittårig prosjektarbeid, tiltenkt ordnings- og katalogiseringsarbeid, som oppfyller krav før avlevering av arkivet til IKA Finnmark i Lakselv.
Tittel: Et felles arkiv i kystmuseene
Status: Pågående
Prosjekteier: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark
Tema: Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 645 000 kr
Tildelingsår: 2024
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Richard Floer AS/Floerbruket vart etablert i Honningsvåg i 1923. Richard Anton Floer (1877-1961) var fyrst tilsett som betjent i onkelen si forretning i Sørvær på Sørøya. I 1902 starta Floer eiga forretning i Breivikbotn; «Richard Floer & sønn». Han flytta etter kvart på bedrifta og opparbeidde seg stor forretningsverksemd med filialar i Taborshavn, Kobbevåg og Honningsvåg. Under krigen overtok bedrifta tyskarane sine innkjøp til Finnmark. Etter krigen vart Floerbruket gjenreist og vidare drive av Richard Floer jr. (1912-1982) fram til nedlegginga i 1982. Sildeoljefabrikkanlegget Si-Fi (Sild- og Fiskeindustri AS) starta sin produksjon i 1950, og anlegget låg vegg i vegg med Floerbruket. Fabrikken produserte fiskemjøl og -olje av sild og lodde, og hadde i byrjinga ein kapasitet på 3000 hektoliter per dag. Anlegget vart utvida med tida. Sildeoljefabrikkar fanst i heile landet, mange av dei starta på tidleg 1900-tal, dei fleste nedlagde på 1980-talet. Si-Fi var ein av få sildefabrikkar som på 1980-talet vart heldt brakk på statlege middel i påvente av at sildefisket skulle kome i gang att. Etter fleire år med mindre produksjon, vart bedrifta likevel slått konkurs i 1992. Omfanget vert estimert til om lag 50-55 hyllemeter.