Et felles arkiv i kystmuseene

Føremålet med prosjektet Et felles arkiv i kystmuseene er å heve arkivkompetansen, få organisert, samla og systematisert arkivforvaltninga, ordna arkiva og gjort tilgjengeleg alle katalogane i selskapet (seks museum/avdelingar). Det ønskte resultatet er ordning og katalogisering av alle privatarkiv som selskapet forvaltar. I tillegg ha etablert nye samarbeidsformer og ein god systematikk for effektiv digital arkivforvaltning og tilgjengeleggjering av kulturhistorisk verdifullt materiale – med Asta som fagleg og teknisk plattform. Dette skal kople selskapet til den nasjonale infrastrukturen på feltet.

Tittel: Et felles arkiv i kystmuseene

Status: Pågående

Prosjekteier: Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 620 000 kr

Tildelingsår: 2023

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Arkiva i Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark dokumenterer ein viktig del av krigs- og etterkrigshistoria i Noreg – korleis ein landsdel, eit samfunn og ein kultur kan reise seg etter ein nærmast utslettande krig med tvangsevakuering, nedbrenning og systematiske øydeleggingar. I tillegg har vi arkiv som spesifikt fortel/vitnar om fiskerihistoria og kystkulturen i den nordlegaste landsdelen. Selskapets forvaltar privatarkiv frå næringsliv og hjørnesteinsbedrifter som eksempelvis handelshus, fiskekjøparar, bankar, arkitektkontor, reiarlag og andre lokale aktørar og verksemder. Vi har også ei mengd brev, dagbøker og korrespondanse mm. frå privatpersonar med ulik bakgrunn og yrkeserfaring. I samlingane inngår òg fotosamlingar, enkeltfotografi, kart og teikningar, lyd- og filmopptak samt digitale filer av ulikt format. Arkivomfanget i MKGF har vakse dei siste åra, og per hausten 2023 har selskapet rundt 400 hyllemeter med 60-70 enkeltarkiv. Den største avdelinga i selskapet (Gjenreisningsmuseet i Hammerfest) forvaltar åleine ca. 340 hyllemeter og 53 enkeltarkiv. Tilgjengeliggjøring: Arkivet skal òg etter avslutta prosjekt forvaltast av MKGFs eigen stab, i fyrste rekke arkivaren ved Gjenreisningsmuseet i Hammerfest og selskapets seks avdelingsleiarar, støtta av andre medarbeidarar som gjennom prosjektet har fått løfta sin arkivfaglege kompetanse. Vidare ordning/katalogisering og registrering av Gjenreisningsmuseets arkiv.