Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning.

Formålet er å styrke lærarars kompetanse om arkivas betydning for enkeltmenneske og fellesskapen gjennom arbeid med primær- og sekundærkjelder. Demokratisk danning er kopla til forståing av arkivet og biblioteket sine samfunnsoppdrag. Lærarar treng innsikt i korleis kunnskap blir til som utgangspunkt for kritisk tenking. Innsikt i kunnskapsproduksjon kan delast med elevar t.d. ved å bruke primær- og sekundærkjelder didaktisk arbeid. I dette prosjektet modellerer vi eit opplegg som studentane skal kunne gjenskape i eigen undervisningspraksis i framtida. Intensjonen er å utforske i kva grad ei tettare kopling mellom institusjonane Høgskulen i Volda, IKAMR og Høgskulebiblioteket kan bidra til auka refleksjon og slik styrke demokratisk danning. Samarbeid mellom institusjonane bør derfor undersøkjast som tiltak for å styrke demokratiforståing og opplæring.

Tittel: Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning.

Status: Pågående

Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal

Tema: Formidling og forskning, Sektorutvikling privatarkiv

Tildelt beløp: 350 000 kr

Tildelingsår: 2023

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Korleis kan digitalisering av primær- og sekundærkjelder og aktivering av institusjonane sin kompetanse bidra i arbeidet med demokratisk danning i høgare utdanning? Vi ynskjer å utvikle eit samarbeidsprosjekt mellom IKAMR og Høgskulen i Volda som skal utvikle lærarstudentanes innsikt i korleis kunnskap blir til og bidra til at studentane får erfaring med kjeldearbeid i eit læringsstøttande miljø. Å lese primær- eller sekundærkjelder krev innsikt i samspelet mellom kontekst og tolking. Lesing av kjelder i kontekstsvake samanhengar kan gi sviktande tolkingsgrunnlag og føre til feiltolking. Tilgang til kjelder i eit ope, digitalt arkiv bidreg ikkje nødvendigvis i seg sjølv til å styrke ein demokratisk praksis, men krev at vi gir medborgarar kunnskap om samspelet mellom primær- og sekundærkjelder i tolkingsarbeid. Samarbeid mellom institusjonane skaper grunnlag for kunnskapsdeling på tvers av sektor og fagområde. Samarbeidet bidreg til læring og skaper synergieffektar som styrker tenestene i den enkelte institusjon. Innovasjon: Prosjektet møter eit behov hjå unge menneske for kontakt med si nære og lokale fortid. Dette er synleg blant unge kvinnelege studentar som får høve til å studere kvinnerelaterte tilhøve lokalt, som generelt har fått mindre merksemd enn fiskar- og industrihistorie. Overlevering av lokal historie styrkar fellesskap og samhald, og verkar utjamnande. 2023.