Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet (år 2)

Prosjektet gjeld år 2 av original søknad ref: 2021/15476 UTFORDRINGAR OG MÅLKvalitetssikringsprosjektet omfatta dei fysiske kjeldene som er skapt på papir; som protokollar, dokument, kart, teikningar, illustrasjonar, kunstverk, notar og fotografi i form av reflekskopiar og negativ og positiv filmmateriale. Kjeldene er i mange ulike storleikar, format og i ulik fysisk tilstand. Felles er at kjeldene er unike og representerer den norske kulturarven. Arkivkjeldene publisert på Digitalarkivet blir digitisert/mediekonvertert av kvar enkelt arkivinstitusjon, både med ulikt utstyr og resultat. Det er derfor svært viktig å sikre kvaliteten på dei digitiserte/mediekonverterte filene som blir lasta opp og publisert i Digitalarkivet. Sluttbrukarane av Digitalarkivet vil forvente at desse arkivkjeldene blir presentert på ein tilnærma lik og einsarta måte og at den digitale presentasjonen publisert på Digitalarkivet er lik den originale arkivkjelda. Det er her tross alt snakk om den norske kulturarven ein får digitalt presentert.Målet for hovudprosjektet er at ein skal kunne gjennomføre automatisert sortering på kvalitetsnivå i samsvar med ISO 19264-1:2021 og filer validert ved bruk av JHOVE, (JSTOR/Harvard Object Validation Environment). I tillegg å sikre at informasjon om kvalitetsnivå følger i metadataen til filene via XMP (Extensible Metadata Platform). Dette vil då gi arkivsektoren og sluttbrukaren moglegheit til å samanlikne arkivkjelder (datasett) for analyse og forsking på likt grunnlag (same kvalitetsnivå), uavhengig av kva for ein arkivinstitusjon som har digitisert/ mediekonvertert materialet. Sidan informasjon om kvalitetsnivå følger filene som metadata, vil det for arkivsektoren bli mogleg å gjennomføre ein revisjon av kvalitet, uavhengig av databasesytem. STATUS Kvalitetssikringsmodulen vil no bli «stress-testa» her i produksjonen ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal haust/vinter 2022. Vi vil då få kjennskap til eventuelle behov for justeringar og tilpassingar før arbeidet med ei vidare integrering til Digitalarkivet blir satt i gang. Ein vidare tett dialog med programvareprodusentane er også ei av oppgåvene vi vil jobbe med framover. Prosjektet har også potensiale for eit felles skandinavisk samarbeid, sidan kvalitetsanalyse programvaren som er i bruk i modulen, blir nytta av leiande arkivinstitusjonar både i Sverige og i Danmark. Kontakt er allereie oppretta gjennom felles deltaking på kvalitetsanalyse- og brukarkurs i regi av ein av produsentane. Det er planlagt og budsjettert med ein studietur til Det Kongelige Bibliotek i København, Danmark (tilsvarande Nasjonalbiblioteket) i prosjektet. Dei vil bidra med sine erfaringar og innspel for vidareutvikling. NØDVENDIG ARBEID SOM GJENNSTÅR Det er via Digitalarkivet si back-end løysing/portal «Arkivdigitalisering» at alle dei digitiserte/mediekonverterte filene blir lasta opp og administrert for publisering på Digitalarkivet. Kvar enkelt arkivinstitusjon styrer si eiga digitisering/mediekonvertering og tilførsel av metadata via sine individuelle brukarkontoar. Det er per i dag kun visuell kvalitetskontroll som er tilgjengelig i back-end løysinga/portalen til Digitalarkivet. Kvalitetssikringsmodulen som er utvikla er tenkt integrert via eit programmeringsgrensesnitt, API (Application Programming Interface). Det er her heilt avgjerande at IT-utviklarane i Arkivverket/Digitalarkivet blir påkobla prosjektets 2 år for at vi skal kunne lykkast. I original søknad ref: 2021/15476 gav vi i dialogmøtet i forkant av søknaden innspel på at ein API integrasjon ville være viktig. Det vart i første år av prosjektet løst utan direkte kontakt med IT-utviklarane i Arkivverket/Digitalarkivet, dette vart eit bevist valg sidan vi då fekk utvikla både ein front-end og ein back-end i studentprosjektet. Utvikling av eit script som kan identifisere filene som har fått informasjon om kvalitetsnivå i metadata via XMP og gjennomgang av konklusjonen for vidare arbeid gitt bachelor-oppgåva, part 9.2 Future work, Automated Quality Assurance of Digitization in the Digital Archives DOKUMENTASJON OG LISENSDataingeniørstudentane Mikael Falkenberg Krog, Jakob Frantzvåg Karlsmoen og Martin Wighus Holtmoen ved Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk, Institutt for datateknologi og informatikk (IDI) ved NTNU i Gjøvik gjennomført bachelor-oppgåva si med utgangspunkt i nødvendige programmeringsbehov i hovudprosjektet. Dette er utgangspunktet som dokumentasjon for kvalitetssikringsmodulen (KAD).Modulen er satt opp med bruk av 2 lisensierte programvarer for kvalitetsanalyse. Den eine lisensen har vært utlånt utan kostnad frå produsent sidan prosjektet har vært eit studentprosjekt, den andre er innkjøpt i prosjektet. Vi tenker det vil være fornuftig å gjennomføre innkjøp av lisens som til no har vært utlånt utan kostnad, sidan prosjektet går over fra å være eit reint studentprosjekt til mulig produksjon. Til opplysning så er det her snakk om engangs kostnader for lisensene. I vedlegg følger lenke for nedlasting av bachelor-oppgåva: Automated Quality Assurance of Digitization in the Digital Archives

Tittel: Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet (år 2)

Status: Avsluttet

Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 431 140 kr

Tildelingsår: 2022

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Vårt prosjekt er forankra i følgende bærekraftmål:

9. Industri, innovasjon og infrastruktur

9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle

17. Samarbeid for å nå målene

17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet som byggjer på erfaringar med partnarskapa og ressursstrategiar

GEVINASTAR:

Det er vanskelig å talfeste i dette prosjektet. Ringverknad etter at prosjektet er ferdigstilt vil kunne potensielt gi mykje meir digitisert materiale publisert i DA. Dette grunna at dei institusjonane som då har fått kvalitetssikra sin eigen digitisering, er sikre på sin kvalitet, og vil auke innsatsen mot DA. Her vil også aktørane som treng å justere sine arbeidsmetoder for å oppnå god kvalitet, ha informasjon nok til å gjere dette, slik at dei også kan auke sin innsats mot DA.

Rapporter

Samme sluttrapport vises også på prosjektsidene for 2021.