Norsk Sjømatarkiv

Kontakte, og inngå avtaler med verksemder og organisasjonar innan sjømatsektoren i Norge. Arbeidet går ut på å kartleggje næringa og selje idéen om eit sjømatarkiv inn til aktørane. Inngå avtalar med lokale eller regionale arkivinstitusjonar som kan ta hand om arkivet. ArkiVest stiller med ressursar der lokale ressursar ikkje er aktuelle. Alt etter modell av oljearkivet, bortsett frå at det blir forsøkt å få til lokal/ regional lagring av data. Arkiva blir registrerte i Asta, publisert på Arkivportalen og Digitalarkivet

Tittel: Norsk Sjømatarkiv

Prosjekteier: ArkiVest

Tema: Bevaring privatarkiv, Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 400 000 kr

Tildelingsår: 2018

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Omtale: Prosjektet er i gang. Det er oppretta ei arbeidsgruppe med tre personar, to på Vestlandet, og ein i nord. Vi har forsøkt å få til ein i Midt-Norge også , men enno ikkje lykkast. Ei refereransegruppe er under oppbygging. På grunn av omorganiseringsprosessar, og delvis prioritering av tidsbruk frå leiar av prosjektet, har denne formelt ikkje komme på plass enno, men mange namn har komme på plass. Frå næringa sjølv, dvs bedriftene, manglar vi fortsatt lovnad om eit namn. Vi trur at referansegruppa skal komme i gang innan årsskiftet. Det er brukt mykje tid på å kartleggje næringa. Bedriftene, og strukturen til desse, er komplekse, med mange «underbruk», med heilt ulike namn. Ofte på grunn av oppkjøp. Det er viktig å komme i kontakt med toppleiinga og ikkje bruke mykje tid på personar utan myndigheit. 02.01.2019 – 30.06.2019: Kontakta dei 100 største bedriftene i landet og dei nasjonale organisasjonane. 01.07.2019 – 30.12.2019: Kontakta leverandørbedrifter og tenesteytande aktørar i alle dei sentrale regionane for næringa. 02.01.2020 – 30.12.2020: Sjømatarkivet.no har blitt godt kjent i næringa, og dei fleste sentrale aktørane er med.