Samarbeidet mellom Møre og Romsdal idrettskrets og IKAMR skal etablere eit best mogleg register over arkivmateriale frå idrettssekttoren i fylket. Registeret skal danne grunnlag for ein rapport som skal konkludere i ei skisse om korleis og kvar ein skal få etablert eit idrettsarkiv for fylket.
Tittel: Registrering idrettsarkiv. Kartlegging av idrettslagsarkiv i Møre og Romsdal i samband med at idrettskretsen er 100 år. Utarbeide forprosjekt til bevaringsplan.
Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal
Tema: Bevaring privatarkiv, Sektorutvikling privatarkiv
Tildelt beløp: 350 000 kr
Tildelingsår: 2018
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Idrettskretsen har avsett ressursar til å samle inn opplysningar om idrettsrørsla i fylket gjennom 100 år. Som så mykje anna arkiv frå frivilleg verksemd er det svært ulikt kva som er tatt vare på. Enkelte lag som Aalesunds Fotballklubb har gjort eit stort arbeid med å ta vare på, registrere, deponere i eigne lokale og til dels digitalisere historisk materiale. Dette er i gjort i samarbeid med IKAMR. http://www.aafk.no/om-klubben/historie/historisk-arkiv Andre har så og seie ingen ting. Laga i kretsen har no omlag 92.000 medlemsskap – gjennom tidene har det vore uteljande deltakarar i aktivitet i idrettslaga. Leiinga i kretsen ønskjer å få registrert og etter kvart tatt vare på mest mogleg dokumentasjon om aktiviteten. IKAMR vil gå inn med arkivfagleg rådgjeving og hjelp til ordning og registrering. I og med at arkiva truleg er så fragmenterte vil ein i denne omgang registrere etter tilordna allment norsk arkivskjema i excel, men ikkje foreta registrering i ASTA og publisering på Arkivportalen før vi etterkvart får sikra deponering. For alt som blir registrert skal det opplysast om lokalisering, omfang, kva stand materialet er i og korleis oppbevaringstilhøva er. Registreringsarbeidet vil ikkje utfordre personvernet. Presseinformasjon.