Dei to arkiva omfattar nær 80 hyllemeter, hovudsakleg på papir, men og foto, film, video og reklameartiklar. Materialet er på eit vis grovordna, men det er nødvendig å gå gjennom det for 1) Sortere ut uvesentleg materiale 2) Ordne i seriar slik at det kan katalogiserast. Proveniensen bør haldast, men det er ofte tilfeldig kvar emne er plassert. 3) Utarbeide katalog som kan publiserast slik at materialet kan brukast. Arkiva vil vere viktige i etableringa av eit norsk sjømatarkiv. IKAMR vil nytte innleigd arbeidskraft til å gå gjennom materialet under oppsyn av arkivfagleg kompetanse på huset. Då kan vi utnytte ledig ordningsrromkapasitet i ferietida, samstudes som vi får gitt innføring av arkivarbeid til studentar. Ein liten del av prosjektet vil omfatte plan for digitalisering av t.d. gamle reklamefilmar og foto.
Tittel: Ordning og katalogisering av sjømatarkiv: NKLF og Unidos (klippfiskeksportørane sine organisasjonar, nedlagde)
Status: Avsluttet
Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal
Tema: Bevaring privatarkiv, Sektorutvikling privatarkiv
Tildelt beløp: 150 000 kr
Tildelingsår: 2018
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: NKLF var den første lovbeskytta eksportorganisasjonen innan fiskerinæringa, frå 1933. I 1952 vart salsorganisasjonen Unidos skipa og dreiv med både regulering og marknadsføring i utlandet fram til den vart nedlagd og oppgåvene vart overtatt av Norges sjømatråd. Det har kome mange bøker om klippfisknæringa. I det siste kan nemnast: I samband med nedlegginga av Unidos skreiv Asbjørn Gjerde boka UNIDOS – i klippfiskens tjeneste. I 2017 kom Klippfiskboka med historikarar frå Høgskulen i Volda ogmedforfattarar. Til den første boka vart arkivet nytta litt, til den andre ikkje (berre bruk av sekundærkjelder). I dei to arkiva finst det primærkjelder som kan nyttast til vidare bygging av kunnskap om denne næringa. Nordmøre Museum ønskjer å etablere seg som eit senter for klippfiskhistorie og har sagt seg interessert i å ta over arkiva. Dette kan ikkje skje før museet har fått eigna lokale, dette blir ei vurdering som må gjerast i framtida. 1.2.2019-31.3.2019: Utarbeide detaljinstruksar for arbeidet med arkivplan/ arkivstruktur. Mai 2019: Rekruttere ein-to personar som vil eigne seg til å arbeide med materialet i samsvar med arkivfaglege prinsipp og instruks utarbeidd av IKAMR. Midten av juni: Opplæringsfase ei veke. 15. august: Avslutning av ordninga.