Reiselivet i Vest-Telemark

Privatarkivbestanden frå næringsgruppa som omhandlar overnattings- og serveringsstadane i Telemark er peika ut som ei svakt dokumentert næringsgruppe i bevaringsplanen for privatarkiv (2018). Dette prosjektet søker å rette opp dette, og samle inn privatarkivmateriale frå eit utval verksemder frå næringa. Vest-Telemark Museum vil samarbeide med historielaga i regionen for å gjere eit utval av verksemder, samt samarbeide med næringa for å finne fram til dokumentasjonen. Det er også eit mål om at næringa er med å finansiere prosjektet.

Tittel: Reiselivet i Vest-Telemark

Status: Avsluttet

Prosjekteier: Telemarksarkivet, Vest-Telemark museum

Tema: Bevaring privatarkiv

Tildelt beløp: 100 000 kr

Tildelingsår: 2018

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Omtale: Reiselivsnæringa har hatt stor betyding for kommunane i Vest-Telemark. Reiselivet byrja på 1800-talet. Turistane fylgde etter dei nasjonalromantiske målarane som kom hit for å finne sine motiv, folkeminnegranskarar som leita etter dei gamle eventyra, segnene og balladane eller var inspirert av A. O. Vinje, og ville oppleve naturen og fjellheimen på føtene eller på ski. Vest-Telemark vart viktig for norsk identitet, men òg for friluftskultur og turisme. Haukelivegen blei opna i 1889, medan Telemarkskanalen blei opna i 1892. Desse ferdselsårene skapte grunnlaget for turistnæringa som vaks enormt utover 1900-talet. Langs kanalen og langs vegane oppstod det overnattings- og serveringsstader som blei viktige for utviklinga i lokalsamfunna der dei oppstod. På ein tettstad som Dalen i Tokke kommune fanst det frå slutten av 1800-talet fire hotell, enno bygda berre hadde nokre hundre fastbuande på same tid. Det var naturen og kulturen som lokka turistane til Vest-Telemark. Frå Telemarkskanalen sin endestasjon på Dalen kunne ein reise vidare gjennom urørt natur over fjellet til Bergen. Langs vegane fanst det ei rekke skysstasjonar, gjestgiveri og overnattingsstader der ein kunne få kvile. Etter kvart minka kvileplassane i takt med at talet på automobilar auka. Reise på befaring.

Rapporter