Pilotprosjekt publikumstinga digitalisering

Pilotprosjektet skal utvikle og prøve ut publikumstinga digitalisering av arkivmateriale mot betaling som supplement til vårt gratis kjernetilbod. Dette vil gje lettare tilgang til arkivmaterialet der publikum har eit konkret behov og heller ynskjer å betale enn å bruke ressursar på reise til og arbeid på lesesalen. I tillegg vil prosjektet indirekte styrke tilgangen til interessant materiale for allmenta då det som er digitalisert mot betaling vil verta publisert og tilgjengeleg for alle i ettertid. Det meste av utviklingen av prosjektet ble fullført i 2018. Søknaden for 2019 gjelder drift av lagrings- og formidlingssytem og rapportering. Arbeidskraften ut over dette vil IKA Kongsberg egenfinansiere.

Tittel: Pilotprosjekt publikumstinga digitalisering

Status: Avsluttet

Prosjekteier: IKA Kongsberg

Tema: Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 81 350 kr

Tildelingsår: 2018

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Omtale: Det er ei auka forventning frå publikum om at arkivmaterialet skal kunne vera digitalt tilgjengeleg. Som eit døme kan vi nemne innlegget til forfattar Kristian Meisingset ved KAI-konferansa i 2017. Søkjeljoset vart her sett på manglande tilbod om digital tilgang til kommunalt arkivmateriale, sjølv om det var betalingsvilje. Forventinga samsvarar òg med Riksarkivaren sitt fokus på digitalisering og tilgjenge. Pilotprosjektet er òg i same ånd som stortingsmeldinga Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet. IKA Kongsberg utfører i dag digitalisering for kommunane finansiert som ekstraordinære prosjekt. Dette er i praksis byggesaksarkiv. Elles har vi i dag ikkje noko materiale som er digitalisert for lagring og publisering. Ved innsynsførespurnader vert ofte einskilde dokument eller protokollsider digitalisert, men dette er for sporadisk og med for usikker kvalitet til at dette kan publiserast for allmenta i ettertid. Dette vert òg stadfesta i offentlegforskrifta § 4. Vårt syn om at betalt publikumstinga digitalisering er lovleg samsvarar òg med synet til Arkivverket i følgje fagdirektør for brukartenester Erland Pettersen (E-brev 04.10.2017). IKA Kongsberg er depot for kommunar i dei tre fylka Buskerud, Vestfold og Telemark, samt fylkeskommunane Buskerud og Telemark.

Rapporter

Samme sluttrapport vises også på prosjektsidene for 2017.