SAMDOK-PROSJEKTET Nettverk for arkiv i næringssektorer blir avslutta i disse dagar. I forståing med prosjektleiar Torkel Thime, søker vi hermed å konkretisere dette arbeidet. Det er oppnådd svært positiv kontakt med organisasjonane Sjømat Norge og Norsk Sjømatråd, som er villige til å delta i dette, men kontraktar er ikkje skrivne. Endå viktigare er det at dei to største sjømat-verksemdene i verda, Marine Harvest og Lerøy, som begge har hovudkontor i Bergen, uttaler seg svært positivt om idéen. Førstnemnte venter på konkrete skriftlige innspel frå oss. Dette innspelet vil i første omgang komme frå LAB (som om kort tid endrar namn til ArkiVest, når søknaden er godkjent av Stiftelsestilsynet). Sette saman ein nasjonal prosjektorganisasjon med ei referansegruppe Profilering: Delta på events som næringa har, og få artiklar inn i deira avis, magasin og diverse heimesider Lage kurs i å selje og skrive kontraktar Få i stand kontraktar med næringsaktørar
Tittel: Norsk Sjømatarkiv
Prosjekteier: ArkiVest
Tema: Sektorutvikling privatarkiv
Tildelt beløp: 400 000 kr
Tildelingsår: 2017
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Fortsette det gode og lovande arbeidet vi har opplevd i Samdok-prosjektet. Tilbakemeldinga frå næringa er så positiv at, dersom vi meiner alvor med ein betre samfunnsdokumentasjon, så bør vi gå vidare med dette arbeidet. Dette er trass alt Noregs nest mest innbringande bransje (etter olje og gass) og næringa har hatt ein eventyrleg vekst frå begynnelsen av 1900-talet til i dag. Særleg det siste tiåret, der dei tre siste åra har vore all time high. Næringa har kapital, men arkiv-Noreg treng eit synleg apparat, som evner å samarbeide med næringa, for å få dei inn som samarbeidspartnarar. Med dei frøa vi har sådd, opplever vi at det er ei forventning om at dette får vi til, at det er «eit tog som går». Med alle slike igangsettingar er det slik at først må ein investere, resultata kjem i etterkant. Derfor ber vi om hjelp til denne investeringa. Noregs viktigaste næring dei siste 50 åra har blitt sikra (oljearkivet), og vi håper at dette arbeidet får fortsette med god kvalitet, som eit referanseprosjekt vi kan vise til. No er det Noregs nest viktigaste næring (målt i eksportverdi) som står for tur. Og vi treng hjelp til startkapital.