Dokumentasjon av dei maritime næringane og det maritime clusteret i Møre og Romsdal er første prioritet i bevaringsplanen for privatarkiv i Møre og Romsdal. Maritime næringar har alltid vore i endring, og framleis har fylket den største klynga av marin næringsverksemd i landet og er blant dei største i verda. Clusteret har oppstaått gjennom eit samspel mellom fiskeri, fisketilvirking og -eksport, skipsbygging, utstyrsleverandørar, reiarar, oljeverksemd og ikkje minst ein stadig innovasjon. Målsetjinga er å få publisert på nett noko av dokumentasjonen av dette og er ein del av publiseringsstrategien til privatarkivverksemda i IKAMR. Vi tar mål av oss å få digitalisert det finst att av skipsteikningar frå fartybyggjarane i fylket. Ein del er gjort, men svært mykje står att. Prosjektet skal vere eit døme som kan presenterast for private som kan vere med å finansiere vidare arbeid på feltet.
Tittel: Digitalisering og publisering av skipstegninger fra Voldnes skipsverft
Status: Avsluttet
Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal
Tema: Bevaring privatarkiv, Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 150 000 kr
Tildelingsår: 2017
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Voldnes Skipsverft var ein del av fiskerikonsernet Gerhard Voldnes i Fosnavågpå Sunnmøre. Konsernet var landets største privateigde fiskerikonsern på 1950- og 1960-talet. Ca. 1000 personar var tilsett der i sesongane fram til kring 1970. Skipsverftet var ein del av dette og det vart bygd i alt 63 skip – frå fiskebåtar til dei første supplybåtane for oljeverksemda. Verftet vart nedlagt i 1998. Maritime næringar har førsteprioritet i bevaringsplanen for privatarkiv i Møre og Romsdal, og IKAMR har som mål å få bevart mest mogleg av historien til skipsbygginga i fylket. Dette skjer i samarbeid både med museum og private organisasjonar. Voldnes skipsverft var ikkje blant dei største, men var ein del av eit konsern der dei same personane stod bak heile næringskjeden – fiskeri, fiskeforedling, skipsbygging, utstyrsutvikling, forsking og eksport. IKAMR har fått overtatt skipsteikningane frå det nedlagde verftet og ønskjer å få digitalisert og publisert dei mest sentrale teikningane av kvart bygg. Vi har og tilgang til foto av skipa som vil bli lagt ut saman med teikningane og ein kort omtale av skipshistorien. Etter mønster av Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal vil vi lage ei interaktiv løysing der publikum kan sende inn informasjon. 995253976. B. F. G.