SINDARK er under etablering som ei avdeling av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, og skal bli eit sterkt fagmiljø for privatarkivarbeid knytt til industrien. Prosjektet «Bolidenarkivet» vil gå inn i senteret sin primære samfunnsfunksjon. Boliden er ein nøkkelbedrift i indre Hardanger, med produksjon for verdsmarknaden. Arkivet deira er i hovudsak uordna og ikkje tilgjengeleg verken for bedrifta eller publikum. Prosjektet skal: – Ta i mot og sikra Boliden sitt arkivmateriale frå ca. 1924-1966. (Dette er tidlegare ordna, registrert og listeført, men det står att å registrera i ASTA/Arkivportalen). Arkivet omfattar 40 hyllemeter. – Ta i mot, ordna, registrera og sikra Boliden sitt arkivmateriale frå ca. 1966-2000, anslått til 200-250 hyllemeter. – Gje Boliden moglegheit til søk og gjenfinning i eige arkiv – Skapa ein oversiktleg kunnskapsbank for Boliden som kan nyttast til ulike typar formidling (utstillingar, bok, utviklinga innhald på nettside m.m.) fram mot 100-årsjubileet til Boliden i 2024. – Digitalisera og formidla deler av arkivmaterialet. – Det historiske Boliden-arkivet har eit stort potensiale for merkevarebygging for bedrifta og for Bolidenkonsernet. – Gjera store delar av arkivet tilgjengeleg for forsking og for ålmeinta. Prosjektet er rekna til å ta 4 år totalt.
Tittel: Ordning og formidling av Boliden-arkivet
Prosjekteier: Kraftmuseet – Norsk vasskraft- og industristadmusem
Tema: Formidling og forskning
Tildelt beløp: 200 000 kr
Tildelingsår: 2017
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Omtale: Boliden vart grunnlagt i 1924 som Det Norske Zinkkompani AS av det belgiske gruveselskapet Compagnie Royale Asturienne des Mines. I 1976 endra dei namnet til Norzink AS. I 2001 vart Norzink overtatt av finske Outokumpu, som moderniserte fabrikken. I 2004 selde selskapet til det svenske New Boliden-konsernet, og Norzink fekk namnet Boliden Odda AS. Boliden er den største fabrikken i Odda i dag med ca 300 tilsette, og produserer sink, svovelsyre og kadmium for verdsmarknaden. Verksemda har og har hatt stor økonomisk tyding for arbeidslivet og samfunnsutviklinga i indre Hardanger. I samhandlingsplanen for privatarkiv i Hordaland https://www.hordaland.no/contentassets/b0bddbbcec154c828926f4a09b10b543/samhandlingsplan-for-privatarkiv.pdf (2007) er NVIM gitt denne rolla i innsamlingsarbeidet: Museet har ein todelt innsamlingspolitikk: Innsamlingsområdet er dels avgrensa til alle typar privatarkiv frå noverande Odda kommune, inkludert arbeidarrørsla, dels er det tematisk avgrensa til privatarkiv frå i første rekkje kraftbasert industriverksemd i Hardanger. Museet samarbeider med Hordaland fylkesarkiv og skal informere om tilbod eller mottak om arkiv frå arkivskaparar som er lokalisert utanfor Odda kommune. Museet samarbeider med Bergen Byarkiv/LAB når det gjeld innsamling av arkiv frå arbeidarrørsla. Fagforeiningsarkiva frå dei store verksemdene i Odda gir ein annan innfallsvinkel. Arkivet frå ca.