Skulen har spelt ei sentral rolle i lokalsamfunnet, og alle har eit forhold til skulen. Skulen speglar samfunnet, og ved hjelp av arkiv, lokal kunnskap og tradisjonar kan ein spore ein kronologi og ei utvikling. Prosjektet sitt mål er å samle informasjon som gir eit heilskapleg bilete av skulen si rolle og utvikling over tid, samt å opne dører til digitalisert innhald. Gjennom ein digital skuleportal kan publikum hente ut og samstille informasjon frå databasar.
Tittel: Skulen min
Status: Avsluttet
Prosjekteier: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Tema: Overføring og bevaring, Sektorutvikling privatarkiv
Tildelt beløp: 400 000 kr
Tildelingsår: 2017
Antall tildelingsår: Flerårig
Om prosjektet
Omtale: «Skulen min»-prosjektet har oppnådd mykje dei to første prosjektåra, og vi har kome langt både med utvikling av ein digital portal for skulehistorie, samling og produksjon av innhald, samt digitalisering og tilgjengeleggjering av historiske kjelder. Prosjektet har endra litt form og retning, først og fremst grunna tekniske utfordringar med dei opne kulturdatabasane. Men vi håper vi kan sjå framgang, også på dei områda som har vore vanskelege, i den neste perioden. Vi søker med dette om prosjektfinansiering til tredje og siste år av det treårige prosjektet «Skulen min». Vi vil samtidig søke om å forlenge denne siste prosjektperioden med seks månader, slik at sluttdato vert 31.12.2018. Det er to grunnar til dette: Den første er at midlane kjem så seint på året at planlegging og oppstart av aktivitet i siste prosjektår vert forseinka. Den andre grunnen er at prosjektleiar skal ut i foreldrepermisjon frå november 2017 til august 2018. Det vil vere mogeleg for oss å avslutte prosjektperioden i juli 2018, men vi meiner prosjektet vil dra nytte av at prosjektleiaren, som har vore med i prosjektet frå starten av, er med i og avsluttar prosjektet. Samarbeid om gode fellesløysingar for formidling av skulehistorie. 2.