Hordaland fylkesarkiv koordinerer arbeidet med privatarkiv i fylket, og har eit mål å samle inn og gjere tilgjengeleg arkiv frå musikkmiljø i Hordaland. Vossa Jazz er blant landets fremste jazzfestivalar og er ein viktig musikkformidlar. Arkivet etter Vossa Jazz blir derfor sentral i denne målsettinga.
Tittel: Arkiva etter Vossajazz (samle inn, ordne, registrere og gjere tilgjengeleg arkiva etter Vossa Jazz)
Status: Avsluttet
Prosjekteier: Hordaland fylkesarkiv
Tema: Bevaring privatarkiv
Tildelt beløp: 65 000 kr
Tildelingsår: 2016
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Bakgrunn I 2011 hadde Fylkesarkivet eit møte med jazz-miljøet i Hordaland kor Bergen jazzforum, Nattjazz, og Vestnorsk jazzsenter ønskte råd med omsyn til ordning av arkiv og eventuell overføring av eldre delar av arkiva til eit offentleg arkiv. Gjennom dette møtet vert det etablert dialog med Vossa Jazz, og fylkesarkivet var på synfaring i Vossa Jazz sine lokalar på Voss. Fylkesarkivet har gjeve tilbod om å ta inn arkivet etter Vossa Jazz, noko dei har stilt seg positive til. Arkiv Vossa Jazz vart etablert i 1973 på Voss, og vert arrangert årleg ved påske. Dei har to fast tilsette og under festivalen om lag 250 frivillige i arbeid. Arkivet består av blant anna sakarkiv, styreprotokollar, rekneskap og ulike artistkontraktar. Elles finn ein cd-ar og kassettar – demoar sendt inn av internasjonale og nasjonale artistar som hadde eit ønske om å opptre under festivalen. Det er også ei nesten komplett samling av festivalplakatar. Nokre av dei eldre opptaka gjekk opp i røyk etter ein brann. Arkiva ligg i ein kjellar i eit butikklokale og er utsett for fukt og dårlege klimatiske tilhøve. Ordning og formidling Hordaland fylkesarkiv blir fagleg ansvarleg for ordningsarbeidet.