Regional bevaringsplan – utvikling av ei wiki-basert tilnærming

Telemarksarkivet vil i samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) utvikle og prøve ut ein ny metode for utarbeiding av regional bevaringsplan. Lokalhistoriewiki.no (LW) vert nytta som sentral ressurs gjennom heile prosjektet – til å hente inn informasjon, for samhandling og kommunikasjon og for presentasjon. Prosjektet er delt opp i tre hovudområde; bestandsoversikt, samfunnsoversikt og analyse/utarbeiding av plan.

Tittel: Regional bevaringsplan – utvikling av ei wiki-basert tilnærming

Status: Avsluttet

Prosjekteier: Telemarksarkivet

Tema: Sektorutvikling privatarkiv

Tildelt beløp: 250 000 kr

Tildelingsår: 2016

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

NLI har brei erfaring frå ulike samarbeidsprosjekt med andre aktørar, der ein brukar wikien som basis for utvikling av nye tenester og funksjonalitet. Fokuset på kollektiv historieskriving, samt bruken av LW som informasjonskanal for prosjektet og Telemarksarkivet, vil sikre at dette vert ein open prosess som kan stimulere til utstrakt kontakt mellom bevaringsinstitusjonar, arkivskaparar og brukarar. Telemarksarkivet representerer noko nytt i Telemark – ei koordinert satsing på bevaring og formidling av privatarkiv frå heile regionen. Dette gjer det ekstra viktig å gjennomføre eit samlande prosjekt, der me kan få etablert grunnleggande oversikt over bevaringssituasjonen i fylket og få jobba fram ein felles, målretta kurs for det vidare arbeidet. Prosjektet vil vere delt inn i tre hovudområde: 1. Bestandsoversikt 2. Samfunnsoversikt 3. Analyse og vurderingar, utarbeiding av bevaringsplan Me vil skissere mål og hovudtrekk, men kan ikkje her presentere ei detaljert skildring av korleis wiki-tilnærminga vil bli integrert i prosjektet. Sjå vedlagt notat frå NLI for meir informasjon om moglege løysingar. Det vil vere aktuelt å gjere bruk av LW som ressurs i alle tre delar av prosjektet. Det er stort behov for å gjere arkivskaparar og potensielle brukarar kjent med arkivsatsinga. Data kan eksporterast til rekneark for vidare bearbeiding. B.

Rapporter

Bevaringsplan for privatarkiv i Telemark (lokalhistoriewiki.no)