– Ein slags moraldomstol

Kan Rasmus få skilje seg frå kona? Må Maren gifta seg? Kva skal kyrkjelyden gjere med den trøblete presten? Historikar og førstearkivar Margit Løyland har forska på kva vi kan finne i protokollane frå kapitelretten på 16- og 1700-talet. No er ho klar med bok.

Kvinne på kontor holder bok med tittelen Drama for Domkapitlet, omgitt av bokhyller og skrivebord med bærbar PC og papirer. Nasjonalarkivet
Førstearkivar i Arkivverket Margit Løyland.

– Fyrst og fremst ynskjer eg å framsnakke og vise fram kor innhaldsrike og spanande desse gamle protokollane er. Dei fortel unike historier om fortida vår, om samkvem og kvardagsliv, om samfunna vi levde i og, ikkje minst, korleis desse samfunna endra seg og vi med dei. 

Det seier Margit Løyland, førstearkivar og historikar i Arkivverket.

Ekteskapstrøbbel og familiefeidar

Protokollane Løyland talar om og har forska på, er referatbøkene frå spesialdomstolen som fans i det dansk-norske rettsapparatet i Noreg i tidleg nytid, den såkalla kapitelretten eller tamperretten

Kapitelretten var knytt til domkyrkjene. Fleirtalet av dommarane var prestar. Sakene dei handsama, var fyrst og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Ekteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte prestar var gjengangartema.

Protokollar frå kapitelretten. Foto: Arkivverket.

– Ein slags moraldomstol

– Ja, på set og vis kan vi seie at Kapitelretten var ein slags moraldomstol. Vurderingar rundt til dømes skilsmisse, ekteskapsløfte og kvinners rettar og status, gir interessant blikk på dåtidas moral og tankesett, seier Løyland. 

Sjølv har Løyland gjort djupdykk ned i protokollane frå Stavanger stift, frå 1682 kalla Kristiansand stift, i perioden 1600 til 1750. 

I den rykande ferske boka “Drama frå Domkapitlet – Krangel og kriser i kapitelretten 1600 – 1750”, fortel Løyland meir om kva ho har funne. Mellom anna ser vi tidleg sterkt engasjement for kva folk oppfatta som rett og gale tolking av kristentru. 

Kjeldene er rike på enkelthistorier til glede for alle som vil lese skildringar om liv og lagnad før.  

– Ja, dei er nesten som små filmmanus, seier Løyland. 

Eit døme er historia om Maren og familien hennar, som bed pent om at Maren må få sleppe å gifte seg med sin trulova, som ser ut til å ha alvorlege psykiske problem.

– Ta kjeldene i bruk!

– Ja, det er mange forteljingar her ein kan lese enkeltståande. Samstundes ønsker eg å vise korleis vi kan sjå ut ifrå kjeldene at samfunna endra seg. Dreiinga frå bondesamfunn mot borgarsamfunn endra over tid tankesett og vurderingar. Det ser vi av måten det blir argumentert i retten på. Vi ser óg korleis retten går frå å høyre på vanlege folk mot ei tid der sakførarar får meir plass og makt, seier Løyland. 

Ho vonar at ho får fleire til å få augo opp for slike protokollar og tek dei i bruk, det vere seg til forsking, til inspirasjon til bokskriving eller anna. 


– Ja, eg har som mål at fleire ser verdien i desse kjeldene, for dei fortel unike historier om fortida vår, seier Løyland. 

Forskinga er gjort i Arkivverket, men det er takke vere ekstern støtte at funna no vert utgjeven i bokform. Her vil Løyland takke forskingskoordinator i Arkivverket Arve Monsen for uvurderleg hjelp med tekst og hjelp til å få utgitt boka. Stor takk til forlaget Wigestrand og til dei økonomiske støttespelarar: Linda og Jone Hatteland, Jakob Hatteland Resources AS, Stavanger kommune og Kulturrådet.

Nasjonalarkivet
Margit Løyland med forskningskoordinator Arve Monsen. Foto: Arkivverket

Vil du vite meir?

Dei originale protokollane frå kapittelretten blir oppbevart i Arkivverket i Bergen, Oslo, Trondheim og Kristiansand.  

Stavanger Domkapitels Protokol 1571-1630 er skrive av og utgitt i bokform av Arkivverket. Du kan lese avskriften i Nasjonalbibliotekets digitale boksamling. Du kan óg kontakte Arkivverket for å få kjøpt eksemplar.

Originalane er skrive for hand, og handskrifta og språket gjer det krevjande å lesa dei i dag. Sjølv for ein ekspert som Løyland tek det lang tid å tolke skrifta og gjere avskrift.  

I Digitalarkivet kan du sjå protokollar frå Oslo og Bergen:

Her er protokoll frå Oslo

Her er protokoll frå Bergen

Her er protokoll frå Stavanger/Kristiansand