Garborgheimen – jærhuset og familien

Forfattaren Arne Garborg vaks opp i eit nybygd jærhus på garden Garborg saman med foreldre og søsken. Denne nettutstillinga undersøker kva arkivmateriale og andre kjelder kan fortelja om menneska, heimen og liva deira. Garborgheimen har vore ramme for roman i over hundre år og museum i meir enn syttifem. I Fred (1892) skildra Garborg korleis landskapet og arkitekturen forma livsvilkår og levemåte på Jæren.

Garborgheimen. Arkivreferanse: Nasjonalarkivet, avdeling Stavanger, Pa 1 Anders Bærheim_SAS198