Program for 2023 til 2026

Nasjonalarkivet deler kvart år ut midlar til arkiv-prosjekt landet rundt. Vi er no inne i eit søknadsprogram som gjeld for åra 2023 til 2026. 

Målgruppa

Dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvalting

Arkivfaglege medlems- og interesseorganisasjonar

Institusjonar som sikrar og tilgjengeleggjer arkiv frå offentleg eller privat verksemd

Verksemder som avleverer sine arkiv til Nasjonalarkivet kan i utgangspunktet ikkje søke. Det kan gjerast unntak for verksemder som søker om midlar til prosjekt som vil ha stor overføringsverdi til resten av arkivsektoren.