Nasjonalarkivet
– Ein trygg heim for Stortingets digitale arkiv
Stortinget og Nasjonalarkivet har inngått avtale om langtidsbevaring. Den fyrste datapakka er allereie overført til Digitalarkivet.
– Eg er glad for at det er tenkt nasjonalt og samlande når det gjeld arkiv i Noreg, og at det er gjort ei offentleg satsing for å få utvikla sikker infrastruktur.
Det seier Matias Dobrowen frå stortingsarkivet, og satsinga han talar om, er Digitalarkivet som Nasjonalarkivet utviklar og driftar. Her kan stat, kommunar og bevaringsinstitusjonar lagre, ta i bruk og gje tilgang til arkiv.
– I 2018–2019 gjorde stortingsarkivet ei føreanalyse for digital langtidsbevaring for Stortingets parlamentariske og administrative dokumentasjon. Vi konkluderte mellom anna med at det ikkje var tenleg for Stortinget å utvikle ei eiga løysing, og heller vende oss til nasjonale løysingar utvikla, og under utvikling, av Nasjonalarkivet. Det ville dessutan kosta store summar å utvikle og drifte ei eiga løysing, eller å kjøpe slike tenester eksternt, seier han.
I november var Dobrowen med på å overføre dei fyrste digitale arkiva frå Stortinget til Digitalarkivet.
Avtale om langtidsbevaring
Alle statlege verksemder, og alle private verksemder som utfører offentlege oppgåver, pliktar å avlevere arkiv til langtidsbevaring i Nasjonalarkivet. Verksemder som ikkje har avleveringsplikt, men som har arkiv av historisk eller samfunnsmessig verdi, kan velje å inngå avtale med Nasjonalarkivet om langtidsbevaring. Av konstitusjonelle grunnar pliktar ikkje Stortinget å avlevere til Nasjonalarkivet. Difor har Stortinget like sidan 1814 bevart og forvalta også den historiske dokumentasjonen knytt til Stortingets virke og arbeid.
Stortingsarkivet er eit offentleg arkiv som er ope for stortingsrepresentantane, forskarar, studentar, slektsgranskarar og andre med interesse for politisk historie. Openheit og tilgang til Stortingets dokumentasjon er nedfelt i § 84 i Grunnlova, der det heiter at “Storthinget holdes for aabne Døre, og dets Forhandlinger kundgjøres i Trykken…”, understrekar stortingsarkivar Egil Borlaug, og seier vidare at dette vert no sikra for framtida gjennom Digitalarkivet.
– Til Dovre fell – og lenger!
Nasjonarkivar Inga Bolstad ønskjer Stortinget hjarteleg velkomne til Digitalarkivet.
– Der skal arkiva bevarast trygt til Dovre fell…?
– Enno lenger! Såpass ambisjonar må og skal vi ha på Noregs vegner, lovar
Bolstad.
Sikker bevaring sikrast i Digitalarkivet, mellom anna gjennom innebygd georedundans og teknologiredundans. Dette inneber at det vert laga sikringskopiar av arkiva. Kopiane vert lagra på serverar med ulik geografisk plassering, og i ulike teknologiske løysingar.
– I tider som no, er det viktig at vi er førebudde på krigs- og krisesituasjonar. I arbeidet med å utvikle Digitalarkivet har trygg langtidsbevaring stått høgt på dagsorden. Vi har komen langt, og vi skal halde fram som vi stemner. Sikring av arkiv og effektiv tilgang til arkiv er ein viktig del av beredskapen i landet vårt.
Nasjonens hukommelse
Mange forskarar, journalistar og historieinteresserte kjenner til Digitalarkivet.no, som mange tek i bruk for å leite i historiske kjelder som kyrkjebøker og folketeljingar. Men slett ikkje alt som vert lagra i Digitalarkivets langtidsbevaring, er tilgjengeleg for ålmenta. For mange av dei organa som bevarer arkiv i Digitalarkivet, er løysinga ein del av den daglege forvaltninga av dokumentasjon. Organa eig sjølv arkiva, og administrerer kven som skal ha tilgang. Arkiveigarane kan sjølv utvikle løysingar der ulike brukarar kan gå inn, leite, be om innsyn og bruke arkiva, eller så kan dei ta i bruk publiseringsløysingar Nasjonalarkivet utviklar.
– Framover skal vi i Nasjonalarkivet jobbe meir med å gjere det enno enklare å ta i bruk eigne eller ope tilgjengelege data frå Digitalarkivet. Med ny teknologi og betre løysingar trur eg framtidas forskarar vil ha enorme moglegheiter til å kunne hente ut kunnskap frå data i Digitalarkivet, nasjonens hukommelse, seier riksarkivar Bolstad.
Ho kan fortelje at Nasjonalarkivet òg skal i gang med ein enklare og meir effektiv måte å digitalisere papirarkiv på. – Det vil òg gje mykje betre og enklare tilgang til viktig kunnskap og dokumentasjon.
Sjølvbetent overføring
Stortinget gjorde den fyrste overføringa med hjelp frå ein vegleiar, og dei fekk samstundes opplæring i korleis overføring og mottak skjer i Digitalarkivet. Så snart ei arkivpakke er lasta opp i bevaringsløysinga, kan Stortinget utstyre arkiva med metadata.
Framover kan Stortinget overføre arkiv som dei vil i ei sjølvbetent løysing. Superbrukarar hjå Nasjonalarkivet trør til med hjelp om det trengst.
Dobrowen seier at på Stortinget er dei veldig nøgde med korleis den fyrste overføringa av data gjekk føre seg.
– Alt gjekk etter planen, og vi fekk god hjelp på vegen. No er vi spente på korleis Digitalarkivet vil utvikle seg vidare.