Forskarstatus

Nasjonalarkivaren kan gi innsyn i teiepliktige opplysninger for forskningsformål.

Innsyn kan gjevast på visse vilkår etter forvaltningslova § 13d når det synest rimeleg og ikkje er til uforholdsmessig ulempe for andre interesser. Ein forskar har altså ikkje krav på innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt.

Kven kan få forskarinnsyn? 

Vedtak om forskarinnsyn gjevast etter ei heilskapsvurdering ut i frå:

Dette betyr til dømes at vanleg journalistisk verksemd, eller å vere forfattar, ikkje gir grunnlag for forskarinnsyn.

Vilkår for forskarinnsyn

Det vert ofte satt vilkår til eit vedtak om forskarinnsyn. Det kan vere med omsyn til varigheita av innsynet, om det kan takast kopiar, og korleis opplysningane skal handterast. Teiepliktige opplysningane kan berre brukast i samsvar med desse vilkåra og slik det er nødvendig for forskingsarbeidet.

Teieplikt

Forskarar som får innsyn i teiepliktig materiale har teieplikt etter forvaltningsloven § 13e. Brot på teieplikta er straffbart. Du må underteikna ein teielovnad for å dokumenter at du kjenner reglane om teieplikt og forpliktar deg til å overhalda dei.

Rådet for teieplikt og forskning

Dersom Nasjonalarkivaren er i tvil om ein søknad om forskarinnsyn bør innvilgast eller avslåast, vil søknaden leggjast fram for Rådet for teieplikt og forsking. Berre Kongen kan gjera unntak frå teieplikta i strid med Rådets uttale.