Fruentimmer Kaage- og Farvebog
Kven skulle vel tru at denne unnselege og velbrukte boka inneheld både gamle mat- og fargeoppskrifter? Sjå døme på meny frå tidleg på 1800-talet, oppskrift på såpe og ulike slag julebakst.


Hulleborg gifta seg 1792 i Stavanger med Hans Chistopher Langballe (1762-1843) frå Nedstrand. Også familien hans hadde slektstilknyting til embetsmanns- og borgarfamiliar i Stavanger. Hans Christopher overtok slektseigedommen med gardsbruk, gjestgiveri og landhandel ved bryggja på Nedstrand.
Det er ikkje kjent om dette var Hulleborg Langballe sine eigne oppskrifter, eller om dette er ei samling avskrifter frå ei eller fleire trykte koke- og fargebøker. Fleire ting tyder på at boka ikkje er ei direkte avskrift frå ei eller fleire andre bøker. Eldste son til Hulleborg, Mechael, skreiv nemleg på tittelbladet at boka var Reenskrevet for Min Moder. Om dette var ei avskrift frå ei eller fleire trykte bøker, ville han truleg formulert seg på ein annan måte. Dessutan er oppskriftene innskrivne på ein litt tilfeldig måte i boka.
Kanskje var det Maren Sophie, eldste søster til Mechael, som overtok boka. Ho skreiv i alle fall namnet sitt på tittelbladet fremst. I koke- og fargeboka er det også nokre oppskrifter med ei anna handskrift enn Mechael si, og ei oppskrift som ein tredje person har ført inn. Kanskje er dette handskrifta til søstera?

Bygningane til Landkremer Langballe på Nedstrand var dei første i Ryfylke som vart branntakserte. Dette vitnar om at denne eigedommen representerte store verdiar. I 1802 hadde Langballe-familien sju bygningar og ei stor tømmerbryggje med fiskebrønn under. Bygningane var to store våningshus, det eine i to etasjar, eit stort bryggerhus, ei rullebu, eit stort tre-etasjes pakkhus/sjøhus, driftsbygning med fjøs, korn- og høyløe og eit båtnaust. Både bryggja og pakkhuset/sjøhuset var bygde på tømra bolverk på sjøen. Pakkhuset/sjøhuset var den gamle tollbua på Nedstrand frå den perioden på 1600-talet då Nedstrand var eigen tollstad.

Avskrift branntakst Langballes hus på Nedstrand
