Kampen for religionsfridom etter 1814

Trusfridom – retten til å velja livssyn utan å bli forfylgd eller diskriminert – er ein menneskerett i eit levande demokrati, ein rett så sjølvsagd at vi gjerne gløymer at han har kosta kamp og offer i vårt land, og at kampen var lang og seig. Religionsfridomen kom ikkje med Grunnlova i 1814.

Petisjon frå engelske kvekarar

I 1844 vedtok Stortinget ei lov som tillet organiserte dissentersamfunn – 30 år etter 1814. Eit drygt steg vart teke mot religionsfridom. Kvekarleiaren i Stavanger, Elias Tastad, skreiv takkebrev til Kongen. I 1845 blei dissenterlova sanksjonert, og i 1851 blei ”jødeparagrafen” i Grunnlova fjerna. Men først meir enn hundre år seinare, i 1956, blei forbodet mot jesuittar oppheva. I arkivet etter Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt kontor for kyrkje og geistlegheit, i ei pakke om dissenterlova, ligg denne petisjonen frå engelske kvekarar, eller medlemmer av ”Vennenes samfunn”, dagsett 3. januar 1845. Petisjonen blei sendt til støtte for deira norske trusfellar. I 1845 budde mange av dei i Tysvær. Far til målaren Lars Hertervig var kvekar.

Forsamlingshuset for kvekarne i Tysvær