
Kvifor er arkiv viktig for openheita?
Det har vore mykje snakk om arkivmateriale på avvegar i nyheitene i det siste. Men kvifor er det eigentleg viktig om eit dokument blir arkivert?
I Noreg har vi ein sterk tradisjon for openheit, og alle kan be om innsyn i kva det offentlege gjer. Dette er ein viktig del av eit demokratisk samfunn.
Men for at innsyn skal vere mogleg, må arkivregelverket følgjast.
Journalen viser kva dokument som finst
Offentlege verksemder skal føre journal over dokument som blir til i sakshandsaminga. Journalen er ei oversikt over brev, e-postar, notat og andre dokument som inngår i handsaminga av ei sak.
Journalen gjer det mogleg for pressa og publikum å sjå kva dokument som finst, og å be om innsyn i dei.
Dette er ein viktig del av openheita i forvaltninga. Når dokument blir registrerte og arkiverte rett, kan dei også finnast igjen seinare.
Du kan sjølv søkje i journalane
Gjennom tenesta eInnsyn kan alle søkje i journalane til mange offentlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar.
På eInnsyn kan du mellom anna finne:
- offentlege dokument
- postjournalar eller postlister (korrespondanse til og frå verksemder)
- politiske møter
- saker frå kommunale og fylkeskommunale utval
Du kan deretter be om innsyn i dokumenta du finn.
Innsyn er gratis, og du kan også be om det anonymt.