Lovlaust liv – Theodora Ommundsen si historie
Levekåra i Noreg endra seg dramatisk mot slutten av 1800‑talet. Byane voks, arbeidslivet endra seg, og samfunnet blei modernisert. Likevel stod mange kvinner utan reelle moglegheiter. Svake sosiale ordningar og få utdannings- og yrkesval gjorde dei ekstra sårbare. Theodora Ommundsen si historie illustrerer dette på ein slåande måte.
Fangeportretta av Theodora – kva fortel dei?

Kva ser vi i portretta? Dei viser ei alvorleg kvinne. Håret er stramt kjemma og festa bak i nakken. På det eine bildet har ho midtskill, på det andre litt meir sideskill. Ho ser rett inn i kamera. Augo er mørke, med tydelege markeringar under. På det første bildet (10850) verkar blikket meir ope og undrande enn på det andre. Panna har synlege linjer som peikar mot eit liv med mange bekymringar. Huda verkar glatt, men med teikn til slit og alder – særleg rundt panna, kinna og munnen. Nasen er rett, og leppene smale.
Fangeprotokollen si forteljing
Fangeprotokollen i Landsfengselet for kvinner i Kristiania teiknar eit nøkternt portrett av den nær 50 år gamle kvinna:
Samandrag av opplysingane:
Theodora Alvilde Charlotte Ommundsen, fødd 5. desember 1858 i Haugesund. Ugift. To uekte barn. Ho voks opp hos foreldra til ho var 17 år, og gjekk deretter i sylære. Ulike jobbar har ho hatt i Arendal (1 år), Kristiania (1 år), Haugesund (½ år), Stavanger (2 år) og deretter Haugesund (8 år). Sidan budde ho i Stavanger, og dei siste månadene før innsetjing var ho utan arbeid.
Protokollen omtalar henne som drikkfeldig, men med god fysisk helse og normal mental tilstand. Under soninga arbeidde ho med poseklistring, og viste god flid og oppførsel. Ved innkomst vog ho 47,5 kilo, då ho slapp ut eitt års tid seinare hadde vekta auka med ni kilo.
Ulike kjelder til Theodora sitt liv
Gjennom fangeprotokollar, rettsdokument, innførslar i fattigvesenet sine arkiv, kyrkjebøker og andre kjelder får vi eit innblikk i livet til Theodora frå ho blei fødd i Haugesund 1858 til ho døydde på Stavanger Aldershjem i 1946, 87 år gammal. Kvar for seg og samla sett bidreg kjeldene til å forklara både moglegheiter og utfordringar i livet hennar.
Informasjon om Theodora i fangeprotokollen.

1. Fuldt Navn. Theodora Alvilde Charlotte Ommundsen
2. Fødsel: Dato 5/12-1858 Sted Haugesund ægte, uægte, af lappisk, finsk (kvænsk), blandet Afstamning
3. Far straffet, drikfældig, sindssyg, ilive, død naar? 1902 Fars Navn: Tønnes Andreas Ommundsen, Kjøbmand
Mor straffet, drikfældig, sindsyg, ilive, død naar? 1861 Mors Navn: Severine f. Samuelsen
4. Opdraget hos Forældre, hos Slægtninge, hos Fremmede, i Barnehjem, i Skolehjem.
5. Skolekundskaber: kan ikke læse, kan ikke skrive, daarlige, middelmaadige, gode Folkeskolekundskaber, høiere Dannelse.
6. Konfirmeret: Aar 1874 Sted Haugesund
7. Ugift, gift, Enke, skilt, separeret.
8. Børn: hvor mange? ægte 2 uægte
9. Bosted: Stavanger Hjemstavn: Stavanger
10. Livsstilling eller Næringsvei (for Hustruen Mandens, for hjemmeværende Børn uden eget Erhverv Faderens) Uten erhverv
11. Drikfældig? Ja
12. Sundhedstilstand ved Indkomsten:
a) legemlig: god
b) mental: normal
c) Fangen af Helbredshensyn midlertidig, vedvarende mindre arbeidsdygtig, arbeidsudygtig
13. Vægt ved Indkomsten: kg. 47,5 kg Senere Vægt: kg – –
14. Efter hvilken Afgjørelse indkommen (Dom, Beslutning om Gjenindsættelse, Overførelse m.v.)? Stavanger meddomsrets dom av 7/8-1908
15. For Forbrydelse mod (for Gjenindsatte angives a) den Forbrydelse, hvorfor Reststraf skal udestaaes, b) mulig ny Forbrydelse): tyveri og naskeri
16. Naar er Forbrydelsen forøvet (for Gjenindsatte blot den nye Forbrydelse): 13de, 20de og 21de juli 1908 samt tap av de i strafl’s § 29II nævnte statsborgerlige rettigheter
17. Var Fangen beruset ved Forøvelsen (do.)? Ja
18. Straffetid: Reststraf a) efter Løsladelse paa Prøve b) i andre Tilfælde Ny Straf (Fradrag angives): 1 aar – 8 dage – 2 dage
19. Straffetiden udløber: 3 august 1909
20. 2/3 af Straffetiden (af ny Straf) er udstaaet: 8 mdr – 8 dg – 2 dg 3 april 1909
21. Tidligere Straffe (Domsaar Forbrydelse Straffens Art, Straffetiden og hvor Strafarbeide udstaaet)
1894 7/2 Ved Stavanger forhørsrets dom for tyveri. Fængsel paa vand og brød i 8 dage.
1894 15/8 Ved Stavanger meddomsrets dom for simpelt tyveri. Fængsel paa vand og brød i 15 dage.
1896 19/11 Ved samme rets dom for simp. tyveri. Fængsel paa vand og brød i 20 dage.
1903 9/11 Ved Stavanger forhørsrets dom for simpelt tyveri. Strafarbeide i 6 maaneder nedsat ved benaadning til: Fængsel paa vand og brød i 10 dg.
1907 8/1 Ved Stavanger meddomsrets dom for hæleri
fængsel i 60 dage
1907 5/10 Ved Stavanger forhørsrets dom for tyveri fængsel i 60 dage
1 række gange ilagt bøter for gateuorden og drukkenskap
22. Naar er Fangen sidste Gang løsladt af Landsfængsel? (Tidligere løsladt paa Prøve Gang fra Se tidligere F. No. i Fangebok I Sag med)
Utdrag av dommen. Retten anser det bevist at angjældende 13de, 20de og 21de juli 1908 har borttat fra 3 forskjellige steder en del gjenstande. I skjærpende retning er hensyn tat til de angjældende tidligere overgaaede domme saavel som til hendes iøvrigt uviste slette vandel, formildende retning haves intet at anføre.
[…]
Signalement:
Høide: 1,51
Legemsbygning: spæd
Haar: sort
Pande: høi
Øine: brune
Øienbryn: tynde
Næse: alm.
Mund: alm.
Hage: alm.
Ansigt: smalt
Ansigtsfarve: blek
Sprog: norsk
Særkjende: –
Familieforhold.
Forældrene er begge døde, faderen var gift 2 gange. Var hjemme i forældrenes hus, til hun var 17 aar gammel, kom da i sylære i Flekkefjord, tog derefter tjeneste i Arendal 1 aar saa i Kristiania 1 aar, saa til Haugesund 1/2 aar, derefter til Stavanger i 2 aar, i Haugesund 8 aar. Siden har hun opholdt sig i Stavanger, de sidste 4-5 maaneder uten arbeide. Av hendes børn er datteren pleiebarn hos Enkemadame Johnsen i Skjolden, sønnen er bortsat i Haugesund.
Arkivreferanse: Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt (Landsfengselet for kvinner) RA/S-3164/G/Gg/L0009 Fangeprotokoller, rekke 4: Dagbøker over innkomne fanger Årstall: 1905-1910.
Ingen typisk lovbrytar
Theodora Alvilda Charlotte Ommundsen, fødd i 1858 i Haugesund, var ikkje ein «typisk» lovbrytar. Ho vaks opp i ein handelsfamilie, men då sildefisket svikta og faren mista levebrødet, forsvann den økonomiske tryggleiken. Mora døydde då Theodora var berre fire år gammal, og broren flytta etter kvart ut. Theodora stod tidleg utan eit stabilt familiegrunnlag og utan dei moglegheitene som kunne ha gitt betre utsikter.
Ung kvinne på jakt etter arbeid
Som 17-åring flytta Theodora frå Haugesund for å gå i sylære i Flekkefjord. Deretter arbeidde ho i Arendal og Kristiania. I denne perioden blei ho alvorleg sjuk, men etter lange opphald både på sjukehus og på Magdalenehjemmet i Stavanger, blei ho frisk nok til å arbeida igjen.
Å få barn utan å vera gift – ei straffbar handling i 1889
Tre barn utanfor ekteskap
Medan Theodora budde i Stavanger blei ho som 23-åring i 1882, mor til dottera Teresia Alfrida. Ho var ugift. Kort tid etter flytta ho attende til Haugesund, der ho tre år seinare fekk sonen Trygve Reginius. Også denne gongen var ho ugift. I 1889 fødde Theodora dottera Hildur Ferdinandia, og barnefaren var ein gift bakar.
Lovverket straffa ugifte mødrer
Straffelova av 1842 slo hardt ned på kvinner som fekk fleire barn med ulike fedrar utan å vera gifte. Som ugift åleinemor til tre blei Theodora dømt etter kap. 18 § 25: «Kvinnesperson […], som i lige Maade af trende forskjellige Mandspersoner har ladet sig besvangre», skal straffast med «Fængsel».
Dette viser korleis dåtidas lover og normer særleg ramma ugifte kvinner og åleinemødrer.
Ein månad i fengsel
Innsetjing i Stavanger fengsel i 1889
Den 2. august 1889 blei Theodora sett inn i Stavanger fengsel. Ho var då 30 år gamal. Protokollen skildrar henne slik: 1,60 meter høg, brune auge, svart hår, kledd i blåstripete kjole og grått tørkle. Med seg hadde ho eit spedbarn og litt barnetøy.

Kven meldte henne?
Bakgrunnen for fengslinga var at fattigforstandaren i Haugesund, Thomas Christian Amundsen, hadde meldt henne til byfogden: «Pigen Theodora Ommundsen har avlet 3 uægte Børn med forskjellige Fædre…».
Fattigkommisjonen meinte slike kvinner burde sendast ut på landet, men først måtte straffa sonast – 32 dagar i fengsel, etter dom av 26. juli 1889, i tråd med straffeloven kap. 18 § 25.
Situasjonen til barna
Då Theodora blei fengsla, var eldstedottera allereie på barneheim, og sonen hadde budd hos andre sidan han var liten. Theodora møtte straffa som ugift mor utan nettverk og utan økonomisk tryggleik.
Kva moglegheiter hadde Theodora som fattig, ugift kvinne?
Som kvinne utan formell utdanning, utan ekteskap, utan økonomisk støtte og med tre barn, var moglegheitene for å forsørgje seg sjølv – og andre – svært avgrensa i 1880‑åra. Dette forklarer mykje av det som seinare skjer i livsløpet hennar og er ein viktig inngang til å forstå dei lovbrota ho seinare blei dømd for.
Raske samfunnsendringar
Då Theodora Ommundsen voks opp, var Noreg prega av store samfunnsendringar. Byane voks raskt, og mange flytta frå bygdene for å finna arbeid i handel, industri og tenesteyting. Samstundes var tryggingsnetta få og svake. Dersom ein mista arbeid eller blei sjuk, fanst det få ordningar som kunne gi hjelp eller stabilitet.
Kjønn og moglegheiter
For kvinner var situasjonen særleg krevjande. Arbeidsmarknaden var tydeleg kjønnsdelt, og dei fleste yrke som kunne gi økonomisk sjølvstende, var stengde for kvinner. Før 1882 kunne ikkje jenter ta examen artium, og det var først frå 1884 kunne dei søkja opptak ved universitetet og ta høgare utdanning.
Dei fleste kvinner arbeidde i lågtlønte yrke som tenestejenter, fabrikkarbeidarar eller syersker. Økonomisk fridom var derfor vanskeleg å oppnå, og mange var avhengige av familien eller ein ektemann for å klara seg.
Heimstaden Haugesund
Byen i vekst
Midt på 1800-talet voks Haugesund frå ei lita kystgrend i Torvastad til ein viktig ladestad – og seinare ein kjøpstad. Nærleiken til sjøen, internasjonal skipsfart og gode sildeår la grunnlaget for ein kraftig vekst.

Eksplosiv byvekst
I 1851 hadde Haugesund berre 39 bygningar. Ti år seinare var talet 233 – eit hopp på meir enn 500 prosent. Av dei var: 73 våningshus, 61 kombinerte vånings- og sjøhus og 99 sjøhus.

Kart over Haugesund 1856 og oversyn over gatenamna i 1881


Haugesund – ein populær stad å flytta til

Artikkelen «Byens undfangelse» i Haugesunds Avis, 22. februar 1941, beskriver veksten slik: Stedet vokste i folketall og velstand i uanet grad. I løpet av 8 år – fra 1845 til 1853 – gikk innbyggerantallet op fra 149 helt til omkring 800, og da Haugesund rykket op som ladested i 1855 hadde den 1066 innbyggere. I ladestedstiden gjennemgikk som før nevnt Haugesund en rask utvikling – et forhold som best fremgår av skatteligningen og kommunebudgettet. […] Haugesunds innbyggerantall var i løpet av dets 10-årige ladestedstid blitt 3-dobbelt – fra 1066 til 3221 – da den rykket op blandt kjøpsteder.
Denne veksten viser kva slags samfunn Theodora blei fødd inn i: eit miljø i sterk endring, med store svingingar i næringsgrunnlag og levekår.
Vil du vita meir om Haugesund, les gjerne bøkene:
- Broch, D. J. (1868): Statistiske Oplysninger om de kommunale Forholde i Norges Bykommuner i Aaret 1866
- Buch, Carl Egil (2019): Haugesund – 150 år byggeskikkhistorie
- Halvorsen, L. (1916): Haugesund i 50 aar
- Nielsen, Eivind (1916): Gamle Haugesundstyper
- Vikse, J. (1978): Haugesund – som årene gikk
- Østensjø, R. (1950): En by blir til
- Østensjø, R. (1958): Haugesund 1835-1895
- Østensjø, R. (1993): Haugesund 1896-1913
Eller avisartiklane:
- «Byens undfangelse«, Haugesunds Avis lørdag 22. februar 1941 av Chr. R. A.
- «Et lite blad av Haugesunds historie i 50-60-årene«, Haugesunds Avis, lørdag 21. november 1936
- «Den jevne hverdag i Haugesund 1866«, Haugesunds Avis 3. mars 1966
Foreldra og familien
Theodora Ommundsen blei fødd i 1858 som yngste barn av Tønnes Andreas og Ane Severine. Ho hadde ein fem år eldre bror, Ove Gerhard. Begge foreldra var innflyttarar – faren frå Feda i Kvinesdal og mora frå Flekkefjord. Dei kom til Haugesund i 1851 og gifta seg månaden etter.
Faren starta som snekkar, men bygde etter kvart opp ein butikk, og i 1859 fekk han handelsborgarbrev, berre dagar etter Theodora sin dåp. Familien hadde ein økonomisk trygg start: i likninga for skatteåret 1855 stod Tønnes Andreas oppført med ei inntekt på 130 spesidalar og ein formue på 150 spesidalar – litt over gjennomsnittsinntekta for tenestefolk på den tida. På 1860-talet auka både inntekt og formue merkbart.
Barndomsheimen
Bustaden i Strandgata
Familien budde sentralt i Haugesund, i eit toetasjes hus der faren også dreiv butikk. Etter kvart investerte han i fleire bygningar på eigedomen.

Velhaldne bygningar
Branntakstane viser at bygningane var godt vedlikehaldne og jamleg oppgraderte. Faren eigde på det meste tre våningshus, og verdien av eigedomen steig gjennom 1860-åra. Familien etablerte seg raskt som del av det lokale borgarskapet.

Byggeaktivitet og økonomiske signal
Branntakstprotokollane kan gi oss opplysningar om dei bygningane som har vore på eigedommen til Tønnes Andreas Ommundsen til ulike tider.
Branntakstprotokollane gir detaljar om bygningane på eigedomen og fortel kva nybygg som kom til, og kva oppgraderingar som blei gjort. Dette viser også den økonomiske situasjonen til eigaren. Aktiviteten tyder på at Tønnes Andreas hadde god økonomi gjennom 1860‑talet – noko som samsvarar med gode sildeår og ein sterk handels- og skipsfartsperiode i Haugesund.

Utviding av eigedomen
Hovudhuset
Barndomsheimen starta som eit toetasjes hus med fire rom i hovudetasjen, der eitt rom var innreidd som butikk med disk og hyller. I andre etasje var det tre rom, gang og kjøkken med bakaromn.
I 1862 blei huset utbetra: det blei utvendig malt, kjellaren delt i fem rom, og butikklokalet fekk ny disk og hyller. Samstundes kom eit nytt hus i sørenden, først med eitt rom og kjellar, som utsalsstad.
1864 og vidare utbygging
Branntakstane frå 1864 viser at eigedomen framleis var godt vedlikehalden. To rom i hovudhuset var oppjusterte, og det nye huset frå 1862 var no delt i fire rom: gang, pakkrom, kontor og krambu. Samstundes blei det bygd eit tredje hus med kjellar innreidd som bakeri, og ein hovudetasje som seinare blei brukt som krambu.
Fram mot 1873 hadde eigedomen fått fleire bygningar:
- Hovudhuset hadde då fem rom i første etasje (bustadrom og utsalsstad), fire malte og tapetserte rom i andre etasje, kjøkken og gang.
- Huset sør for hovudhuset hadde kjellar og fire rom, mellom anna bustadrom og utsalsstad.
- Bakeriet hadde kjellar med steinheller og var innreidd som krambu, og på loftet var det laga til fleire rom.
- I tillegg var det bygd eit toetasjes uthus med tre rom i kvar etasje på nordaustsida av hovudhuset.
Utbygginga viser at faren satsa stort på både bustad og næring – og at eigedomen blei kontinuerleg utvida og oppgradert fram til familien mista alt ved auksjonen i 1873.

Faren sitt engasjement og posisjon
Ein aktiv handelsmann
Tønnes Andreas Ommundsen dreiv ei omfattande handelsverksemd med jernvarer, støypegods, kolonialvarer, og i tillegg produksjon av sydvestar og oljeklede. Sistnemnde produkt fekk ros på den internasjonale fiskeriutstillinga i Bergen 1865. Kombinasjonen av daglegvarer og spesialprodukt gjorde butikken hans viktig for innbyggjarar i Haugesund om omegn.

Politikk og samfunnsliv
Tønnes Andreas var ein aktiv samfunnsbyggjar. Han sat i formannskapet i tre periodar (1861–62, 1863–64 og 1869–70) og var ein av initiativtakarane bak at Haugesund skulle søkja om status som kjøpstad. Han var òg med i likningskommisjonen, overlikningskommisjonen og reguleringskommisjonen. Skattelikningane frå 1860‑ og 1870‑talet viser at han tente godt og bygde opp ein solid formue.
Skattelikninga frå 1864 viser at han hadde ein formue på 1200 spesidalar.

Tap og endringar
Mora døyr – og familien endrar seg
Då Theodora var nesten fire år gammal, døydde mora. Etter dette budde Theodora, broren og faren framleis i huset saman med tanta Helene (mora si søster) og tre andre. Kva som skjedde med broren Ove Gerhard etter konfirmasjonen, er ukjent.
Økonomisk fall
Faren heldt fram som handelsmann, men då sildefisket svikta, fekk familien store økonomiske problem. Formuen som hadde vakse gjennom 1860-talet, minka raskt. Dette la grunnlaget for dramatiske endringar.

Utrygg ungdomstid og auksjon
Barndomsheimen blir selt
Konfirmasjonstida til Theodora var prega av usikkerheit. Eit halvt år før ho stod til konfirmasjon i 1873, blei barndomsheimen selt på offentleg auksjon.
Auksjonen blei annonsert ein månad før han fann stad.

Auksjonsannonsen blei publisert og slått opp fleire stader:
Tirsdag den 22 April førstkommende Kl. 10 formiddag bliver efter Forlangende af Aanen G. Sørhaug offentlig Auktion afholdt i Bythingstuen hersteds over T. A. Ommundsens Vaaningshuse med tilhørende Bygninger og Grund i Byens 2 Rode til fyldesgjørelse af Gjeld efter Pantobligation dat. og thingl. 15 mai 1857 Skadesløsbrev af 21 Juli, thingl. 10 August 1861 og Commisionsforlig af 16 Januar 1873.
Konditionerne erfares ved Auktionen
Haugesunds Byfogdkontor den 22 Marts 1873
Bekjendtgjøres Opslag og bedes derefter tilbagesendt snarest mulig.
Martin Nielsen
Auksjonen blei «bekjendtgjort ved 2 Opslag, ved Klokken og i Karmsundsposten samt Stavangeren». Krava var strenge: kjøparen måtte ta over både huset, alt som høyrde til, og gjelda. Huset blei selt for 1200 spesidalar.
Dermed mista familien Ommundsen både heim og tryggleik.
Kva tenkte Theodora?
Kjeldene seier ingenting om kva 14 år gamal Theodora følte då barndomsheimen blei selt. Men ho må ha opplevd situasjonen som både utrygg og alvorleg. Kanskje heng denne livskrisa saman med at ho som konfirmant fekk vurderinga «Næsten meget god» i kristendomskunnskap og «Flid, meget god Opførsel»? Eller kanskje speglar presten si vurdering den kapasiteten ho faktisk hadde? Det kan vi ikkje vita sikkert.
Overgang til vaksenlivet
Konfirmasjonen markerte overgangen til vaksenlivet, men for Theodora kom denne milepælen i ei tid då familien hadde mista både hus og økonomisk tryggleik. For unge jenter som henne var valfridomen liten; dei fleste måtte ta til takke med lågtlønna arbeid. Framtidsutsiktene var dermed avgrensa, og den utrygge livssituasjonen kan ha sett varige spor.
Ei tid etter konfirmasjonen, og etter at faren hadde mista både formue og status, valde Theodora å reisa frå byen.
Sylære og dei første arbeidsåra
Då Theodora var 17 år, reiste ho til Flekkefjord, mora sin fødeby, for å gå i sylære. Etter ei tid fekk ho arbeid som tenestejente i Arendal hos skipsreiar Svend Svendsen og kona Jacobbine. Dette var starten på eit liv der Theodora måtte klara seg sjølv – langt frå barndomsheimen i Haugesund.
Fotograf: P. Hjelm Knudsen. Utgjevar: Mittet & Co. AS
Sjukdom og fattigdom i Kristiania
Alvorleg sjuk og utan midlar
I 1876 drog Theodora til Kristiania. Kjeldene seier ikkje kvifor ho reiste eller kvar ho budde, men i november same året blei ho innlagt på Rigshospitalet med alvorleg sjukdom. Ho hadde ikkje pengar til å betala for seg, og fattigkassen i Haugesund måtte dekka utgiftene.
Opphaldet og heimtransporten kosta rett over 600 kroner – ein svært stor sum på den tida. Politiet i Kristiania organiserte reisa, og Theodora blei sett i varetekt eit døgn før ho blei sendt tilbake til Haugesund i slutten av november 1877.
Nye sjukehusopphald
Bergen – tre månader på sjukehus
Theodora blei ikkje verande lenge i Haugesund. Allereie tidleg i januar 1878 blei ho sendt vidare til Bergen sjukehus, der ho var innlagt i tre månader. Også her måtte fattigvesenet i Haugesund betala for behandling, opphald og transport.
Sjukehusopphalda viser kor sårbar situasjonen hennar var. Ho var alvorleg sjuk, utan eigne middel og avhengig av støtte frå det offentlege.
Magdalenahjemmet i Stavanger
Eit tilbod om hjelp – men strenge rammer
Etter sjukehusopphaldet i Bergen fekk Theodora plass på det nyopna Magdalenehjemmet i Hetlandsgata i Stavanger, etablert av pastor Lars Oftedal. Heimen opna 6. mai 1878 og Theodora kom hit berre fire dagar etter opninga.
Kvardagen på heimen var prega av faste rutinar, arbeid og strenge reglar. Målet var at kvinnene skulle læra seg eit yrke og få struktur i kvardagen, slik at dei kunne klara seg sjølve etter opphaldet. Dersom reglane blei brotne, kunne ein bli kasta ut og mista det vesle ein eigde, men det var også mogleg å bli tatt inn att.
Kva Oftedal sjølv skreiv
Pastor Lars Oftedal skildrar drifta slik i Bethania‑Kvartalet (1885):
«Der var fra 4 til 6 faldne Kvinder paa engang, nogle i kortere, andre i længere Tid. … Det var en tung Gjerning, vanskeligt at finde duelige Tilsynskvinder, … vanskeligt at faa udrettet noget med disse ulykkelige Kvinder til Bod og Bedring. De kom og de gik, og Gud ved, om nogen af dem er bleven reddet.»
Dette gir eit sterkt inntrykk av kor krevjande arbeidet var – både for personalet og for kvinnene som levde der.

Eit brev om lånte eigedelar
Medan Theodora var på Magdalenehjemmet, fekk fattigvesenet i Haugesund eit brev frå ei kvinne som hadde vore på sjukehuset i Bergen samtidig som ho. Kvinna hevda at Theodora hadde lånt eit par mansjettar og nokre andre ting, og reist utan å levera dette tilbake. Brevet blei vidaresendt til styret for Magdalenehjemmet, men kjeldene seier ikkje korleis saka endte.
I Lars Oftedals bok Bethania-Kvartalet (1885) står det ein del om Magdalenahjemmet på side 68 og 69:
Magdalenahjemmet «aabnedes den 6te Mai i et Hus i Hetlandsgaden, som jeg leiede af min nu hjemgagne Fader. Der var fra 4 til 6 faldne Kvinder paa engang, nogle i kortere, andre i længere Tid. Det var en tung Gjerning, vanskeligt at finde duelige Tilsynskvinder, som holdt ud, vanskeligt at oparbeide nogen Sympathi for Gjerningen iblandt det kristeligesindede Folk, vanskeligt at faa udrettet noget med disse ulykkelige Kvinder til Bod og Bedring. De kom og de gik, og Gud ved, om nogen af dem er bleven reddet.
Jeg holdt det gaaende indtil Begyndelsen af 1882. Da maatte jeg i Stiftelsernes Aarsberetning om den Del af Gjerningen udtale mig som følger:
«Saa har vi at omtale Stedbarnet iblandt Stiftelserne, Magdalenehjemmet nemlig – Stedbarn sige vi, fordi det gaar saa sent endog for kristne Folk at faa Øiet op for Nødvendigheden af og Forpligtelsen til den Slags Kjærlighedsgjerning, som forsøges øvet der. Nu, det skal dog ikke dølges, at der er lidet af Opmuntring i det Arbeide – helst Skuffelse og «raadne Frugter».
Ved den daglige Omgjængelse med den Slags Mennesker, som hører hjemme ved en saadan Anstalt, faar man rigtig se, hvad Menneskenaturen er og hvordan hvert Menneskes Hjerte er beskaffent; thi her kommer det nogent frem, hvad der ellers vanligvis skjules og dækkes af udvortes Dannelse og Dressur. Af, de stakkels ulykkelige medforløste! men det er som at Raabe i Ørkenen at minde Samfundet om, hvad det skylder disse sine ulykkelige Lemmer.
Iaar er det gaaet verre til i Magdalenehjemmet end nogen Gang før. Efterat vi til Paaske havde faaet anbragt de 3 i sine Tjenester, hvor de er fremdeles, har der ikke vist sig Tegn blant de gjenværende og nyindkomne til nogen Forbedring. Gang paa Gang har der været Opsætsighed og Optøier. En gik ud igjen af sig selv – ingen tvinges verken at gaa ind eller at forblive der – en sattes paa «Tvangen» for vel en Maaned siden, og for faa Dage siden maatte Resten, alle 4 paa engang, samme Vei, da de viste sig umulige for Tiden ialfald, hvad nu Gud kan faa gjøre med dem engang i Fremtiden, førend de dør, Gud har frelst mange slige før. For ham er ingen Ting umulig. Magdalenehjemmet staar altsaa tomt nu.»
Tvangen – arbeidsanstalten i Stavanger
Innsett i 1880
I april 1880 blei Theodora innsett på Tvangen, truleg arbeidsanstalten som var ein del av Den kombinerede Indretning i Stavanger. Ho var ikkje åleine – fleire av kvinnene frå Magdalenehjemmet blei også sende dit året etter.

Sjukehus og fødsel i 1881–1882
Ny innlegging – truleg på grunn av graviditet
Frå slutten av juli og ut september 1881 var Theodora innlagt på Stavanger sjukehus 61 dagar for kur og pleie. Kostnaden var 1,40 kr per dag, til saman 85,40 – rundt 6000 kroner i dagens pengeverdi (2025). Innlegginga var truleg knytt til at ho var gravid og trong medisinsk hjelp og pleie.
Dottera Teresia Alfrida blei fødd i januar 1882. Theodora blei verande tre veker på sjukehuset etter fødselen. Fattigvesenet i Haugesund betalte rekninga for både mor og barn: 93 ⅓ øre per dag for Theodora og 70 øre for dottera, totalt 34,30 kroner.
Dåp og tidlege omsorgskostnader
Teresia Alfrida blei døypt i Stavanger to veker gammal. Dåpskjolen var leigd, og fadrane var to enker: Tonette Andersen og Laurenze Kluge. Fattigkassens kontobok viser at Theodora blei buande i Stavanger fram til midten av mars, og at dei betalte for at dottera skulle få pleie, tilsyn og klede.

Barnefaren – Ludvig Thorsen Zetlitz
Kven var Ludvig?
Barnefaren var Ludvig Thoresen Zetlitz, handelsbetjent i Stavanger. Han var fem år eldre enn Theodora, kom frå ein handelsfamilie og hadde tidlegare vore sjømann før han slo seg ned som handelsbetjent i 1879.
Då dei møttest tidleg på 1880‑talet, var Ludvig i slutten av 20‑åra og framleis ungkar. Korleis dei kom i kontakt, veit vi ikkje, men barndomsheimen hans var ein samlingsstad for mange unge menn og kvinner.
Barnebidrag blei betalt
Ludvig tok på seg farskapet og betalte bidrag. Det første kom då dottera var rundt fem månader gamal.
Heim til Haugesund
Ein vanskeleg start som åleinemor
Rundt sju veker etter fødselen kom Theodora tilbake til Haugesund. Då var ho 24 år, åleinemor og heilt avhengig av fattigstønad. Frå mars og ut året fekk ho rundt 100 kroner til mat og klede, utbetalt kvar veke. Husleiga på 8 kroner blei betalt kvartalsvis.
Denne heimkomsten markerer starten på eit nytt og endå meir krevjande kapittel. I åra som følgde fekk ho to nye barn med to ulike fedrar, og livet blei stadig meir utfordrande.
Bustad og kvardagsliv
Etter at Theodora kom tilbake til Haugesund våren 1882, budde ho til leige. Ei tid budde ho hos Jesper Jespersen, som husa fleire fattige. Seinare flytta ho til Hasseløy, der ho og dottera Teresia Alfrida budde på garden til Knud Zakarias og Severine Olsen saman med andre fattige.
Tre barn på sju år
Tre fedrar – krevjande livsvilkår
Mellom 1882 og 1889 fekk Theodora tre barn med tre ulike menn – to ungkarar og ein gift mann. Dei to yngste barna blei fødde i Haugesund. Dette forsterka dei økonomiske og sosiale utfordringane hennar ytterlegare.
Økonomisk sårbarheit og fattigstønad
Full avhengigheit av fattigvesenet
Theodora var heilt avhengig av fattigvesenet. Det faste vekebidraget hadde lenge vore 2 kroner, men månaden etter at sonen Trygve Reginius blei fødd i 1885, blei støtta auka til 2,50 kroner. I løpet av året fekk ho 117,50 kroner – i tillegg kom utgifter til husleige, klede og sko.
Ny fødsel og ny barnefar
Trygve Reginius – fødd 1885
Trygve Reginius kom til verda 25. juli 1885 og blei døypt månaden etter. Ved dåpen oppgav Theodora «Ungkarl Kjøbmand Rasmus G. Hagland» som barnefaren. Han var 17 år eldre enn Theodora og kom til Haugesund som trettenåring på 1850-talet. Rasmus starta som krambodlærling hos Sjur Lothe og arbeidde deretter som handelsbetjent hos Tønnes Eide – naboen til Theodora sin far. Det er såleis sannsynleg at han kjende familien Ommundsen.
Rasmus G. Hagland – fall etter velstand
Hagland hadde også vore busett i både Stavanger og England, der han lærte manufakturhandel og språk. Då han kom tilbake til Haugesund på 1870-talet , dreiv han eigen butikk, og etter kvart blei han også forsikringsagent og skipsmeklar. Økonomien var god nok til at han kunne kjøpa ein stor eigedom i Kaigaden for 7000 kroner.
Men i september 1884 snudde alt. Briggen Norden, som Hagland eigde, forliste saman med fleire andre fartøy frå Haugesund i ein orkan. Då han søkte kontakt med Theodoras – eller ho med han – var han ikkje lenger økonomisk trygg. Sonen Trygve Reginius, blei unnfanga månaden etter forliset.
Konkurs og gjeldsforhandling
To veker før Theodora fødde, kunngjorde avisa at Hagland sitt bu var overlevert til skifteretten for konkursbehandling. Veka før sonen blei fødd, møtte Hagland hos byfogden og stadfesta at han ville fremja eit akkordforslag. Forslaget blei vedteke i januar 1886. Hagland skulda då over 22 000 kroner – tilsvarande rundt 1,7 millionar kroner i dagens pengeverdi (2025).
Oppfostringsbidrag i 15 år
Trass i krisa betalte Hagland oppfostringsbidrag for sonen. Det første beløpet på 50 kroner kom året etter fødselen, og han betalte faste beløp fram til Trygve Reginius var 15 år.

Pleieforeldre på Hasseløy
Trygve Reginius budde heile oppveksten på garden til Knud og Severine Olsen på Hasseløy. Då Theodora og dottera Teresia Alfrida flytta derifrå våren 1889, kort tid før Hildur Ferdinandia, kom til verda, blei Knud og Severine pleieforeldra hans.
Teresia Alfrida hamna på barneheimen i Haugesund ein månads tid før fødselen.
Hildur Ferdinandia – yngste barnet med gift bakar som far
Joachim Sandstrøm
I april 1889 fødde Theodora dottera Hildur Ferdinandia. Faren var Joachim Sandstrøm, ein 50 år gamal bakar som hadde flytta mykje og levd eit omflakkande liv. Fram til dottera var fire år, betalte han oppfostringsbidrag – stort sett 10 kroner i kvartalet.
Stadige flyttingar
Dei første åra budde Hildur Ferdinandia saman med mora, men livet var prega av stadige flyttingar. Då ho var nær fire månader gamal, sat ho i fengsel i Stavanger saman med mora. Etter dette følgde fleire flyttingar. Theodora leigde først hos Lars Amundsen, før ho i oktober 1889 flytta til Lars Kalveland i Skjold, der ho fekk både husvære og pleie i eit års tid. Frå Hildur Ferdinandia var rundt to år, budde dei hos Sakarias Gudmundson på garden Meland i Skjold.
Mor utan barn
På flyttefot
Då Theodora reiste frå Haugesund til Stavanger tidleg på 1890-talet, var ho heilt åleine. Ingen av dei tre barna følgde med. Alle blei buande i Haugesunds-området; dei to yngste i kvar sin pleiefamilie, den eldste først på barneheim, seinare i ein privat heim.
Dette markerer eit dramatisk vendepunkt i livet hennar – og i barna sine liv.
Åleine til byen
Ein gong på 1890‑talet flytta Theodora tilbake Stavanger, truleg tidleg på hausten 1892. Haugesund fattigvesen betalte i september same år 1,20 kroner for billett dit. Kjeldene seier ikkje kvifor ho reiste. Kanskje ville ho bort frå alt som hadde skjedd? Kanskje søkte ho nytt arbeid – eller hadde ho kjenningar i byen som kunne hjelpa?

Tidlegare band – nye vegar
Kjende i byen?
Vi veit at Ludvig Thoresen Zetlitz, barnefaren til eldstedottera Teresia Alfrida, budde i Stavanger. Det same gjorde Theodora si halvsøster, Therese Andrea, som gift småbarnsmor. Men kjeldene seier ingenting om Theodora hadde kontakt med nokon av dei.
Ludvig sitt liv
Det vi veit, er at Ludvig sitt liv hadde endra seg. Ti år etter at han og Theodora fekk dottera Teresia Alfrida, gifta han seg i mai 1892 med Karen Talette Børresen, kalla Kaia. Ho hadde tidlegare vore gift med broren hans, Hans Cecil, som døydde i 1887.
Medan halvsøstera og faren til eldstedottera hadde etablerte liv, familie og relativt trygge rammer, var Theodora einsleg, utan ektefelle og utan ansvar for barna sine – men òg utan sikkerheit.
Losji, arbeid og eit krevjande liv
Uklar bustadsituasjon
Kor Theodora budde i Stavanger, er uklart. Kjeldene viser at ho flytta ofte og i periodar stod utan fast bustad. I folketeljinga 1900 er ho registrert på adressa Taarngaden 20 med yrkesnemninga «Strikerske».
Året etter er andre oppført på same adresse, og Theodora finst ikkje i byens adressekalender.

Arbeid i korte periodar
Korleis ho livnærte seg, får vi glimt av gjennom rettsdokument. Theodora hadde arbeid i korte periodar, men ofte stod ho utan inntekt. Kjeldene viser også at ho – så langt vi kan sjå – ikkje fekk fattighjelp i Stavanger, slik ho hadde gjort i Haugesund.
Alt tyder på at ho levde under svært knappe økonomiske rammer, i ein kvardag prega av utrygg bustad, lite nettverk og skiftande inntekter.
Eit liv prega av press
Psykiske og sosiale belastningar
Kjeldene gir ingen svar på korleis ho opplevde dei store omveltingane i livet: tapet av mora som fireåring, salet av barndomsheimen og faren sitt fall frå handelsborgar til fattiglem. Vi veit heller ikkje korleis ho takla å vera alvorleg sjuk i fleire år, eller å få tre barn utanfor ekteskap som ho etter kvart ikkje kunne forsørgja.
Men summen av desse hendingane gir eit bilete av eit liv under konstant press.
Korleis påverka dette dei seinare lovbrota?
Når vi ser på dei lovbrota Theodora blei dømd for, er denne bakgrunnen viktig. Ho levde i ei tid utan sosialt tryggingsnett, utan utdanningsmoglegheiter, utan familie rundt seg – og utan barna sine. Slike livsvilkår gjorde kvinner ekstra utsette.
Småtjuveri og dei første sakene
I Stavanger kom Theodora fleire gonger på kant med loven. Ho møtte både i forhørsrett og meddomsrett og blei dømt for småtjuveri.
Tjuveri av lommeur i februar 1894
Saka kort fortalt
I februar 1894 stal Theodora eit lommeur. Ho fekk åtte dagar fengsel på vatn og brød. Pressa omtala saka slik:
«For forhørsretten stod igaar en pige fra Haugesundskanten tiltalt for tyveri af et uhr. Dommen lød paa 8 dages fængsel paa vand og brød; hun vedtog dommen paa stedet.
Bakgrunn for saka
Ifølgje arkivet etter Stavanger byfogd starta saka då matrosen Søren Kristian Nielsen melde frå til politiet. Han forklarte at han hadde møtt «en pige», snakka med henne, og at ho under samtalen hadde teke klokka hans og forsvunne. Han visste ikkje kven ho var og kunne ikkje gi signalement.
Politiet undersøkte om ei av dei «bekjendte gadepiger» kunne stå bak. Rundt midnatt blei Theodora ført til politikammeret. Ho erkjente tjuveriet og blei sett i arrest.
I forhørsretten (6. februar 1894)
Theodora si forklaring
- Hadde vore utan fast arbeid i 13–14 veker.
- Hadde opphaldt seg i Stavanger i ca. 1½ år: fyrst teneste hos sadelmakar Dahl, deretter kortare tenester hos ulike.
- Budde hos Ingeborg Vaaland på Kalhammeren.
- Opplyste at ho hadde tenkt å forlate byen og reise heim til Haugesund.
- Den aktuelle kvelden var ho i beruset stand og møtte ein mann; dei gjekk inn i Middelthons hage på Skagen for å ha «legemlig Omgjengelse».
- Tok uret etterpå fordi ho ikkje fekk betaling og forsvann; ved pågripinga leverte ho uret til politiet.
- Opplyste at ho tidlegare ikkje var tiltalt eller straffa for tjuveri.
Søren Kristian si forklaring
- Møtet skjedde rundt kl. 11 om kvelden; Theodora tok kontakt og spurde om dei «skulde slaa Følge».
- Dei blei enige om å ha «legemlig Omgjengelse».
- Ho spurde om betaling; han svara nei og lét som om han ville gå.
- Ho spurde deretter om klokkeslettet, såg lommeuret hans og sa at det ikkje gjore noko om han ikkje hadde pengar.
- Dei hadde «legemlig Omgjengelse», deretter forsvann ho med uret.
- Han ønska ikkje at Thedora skulle bli straffa, men kravde uret tilbake; verdien blei sett til 15 kroner.
Forklaringane var i hovudsak like, men med ulike detaljar.

Retten si vurdering og dom
Retten la til grunn at Theodora, berusa, hadde hatt samleie med Søren Kristian i ein hage og deretter tatt klokka hans. Sidan klokka hadde relativt høg verdi, førte tjuveriet til fengselsstraff – ikkje bot.
Retten vurderte ikkje Søren Kristian si rolle i hendinga. Han blei behandla som offer. Merksemda var retta mot tjuveriet av klokka. Det blei ikkje drøfta om både han og Theodora – ved å ta seg inn i ein privat hage og ha samleie der – også kunne ha gjort seg skuldige i andre lovbrot.
Dom: Theodora Ommundsen blei dømd etter straffelova § 19–1 til å sona åtte dagar på vatn og brød.
I straffejournalen til Stavanger by sitt distriktsfengsel stod det følgjande:
LøbeNo: 23.
Fangens Navn, Stand, Alder, Hjemsted, Signalement og Klædedragt: Theodora Ommundsen, født 5/12 63 i Haugesund, mørkt Haar, brune Øine, Høide 1.50.
Naar og efter hvis Ordre indkommet: 9/2 Kl. 12 3/4 Efm. Politimesterens Ordre
Efter hvilken Dom eller Resolution: Forhørsretsdom af 7/2 94.
Lovovertrædelse: Tyveri
Straffens Beskaffenhed og Størrelse: Fængsel paa Vand og Brød i 7 Dage
Fra 9/2 Kl 12 3/4 Efm. 94
Til 17/2 KL. 12 3/4 Efm. 94
Mellemfristdag:
Fra 14/2 Kl. 12 3/4 Efm. 94.
Til 15/2 Kl. 12 3/4 Efm. 94.
Antal Fangedage à Kr. 0.80.: 8 Dage Kr. 6,40
Udfallet af Visitationen – hvilke Effekter frataget Fangen. (Undertegnes af den, der foretager Visitationen og af Vidnet): Havde intet T. Bergsager
Klestjuveria sommaren 1894
Nye lovbrot
Mindre enn eit halvt år etter lommeurtjuveriet kom nye meldingar om tjuveri av klede frå fleire gardsrom i Stavanger. Meldingane frå Hans Risa, Else Torkelsen og Marie Nilsen peikte ikkje på nokon bestemt person, men gav eit klart bilde av kva som var stole.
Kort tid etter blei Theodora og Ingeborg Varland arrestert og sikta.
Forklaringane i retten
Theodora si forklaring
I forhøyrsretten fortalde Theodora at ho var fødd i Haugesund, at ho tidlegare same år hadde sona fengsel på vatn og brød for tjuveri, og at ho verken hadde fast bustad eller anna leveveg enn det ho sjølv kalla sitt «usædelige liv».
Det kom fram at ho hadde drukke mykje saman med Ingeborg Varland og Emil Torkelsen. Då tjuveria fann stad var ho «overstadig beruset». Ho hadde gått inn i fleire gardsrom og tatt ulike klesplagg, men hugsa ikkje kvar eller korleis alt hadde skjedd. Plagga, som ho meinte mest var filler, hadde ho lagt på kjøkkenet hos Ingeborg.
Ifølgje Theodora visste Ingeborg at kleda var stolne og hadde sjølv bore med seg nokre av dei heim. Dagen etter pantsatte Theodora ei bukse og ein vest for tre kroner, som gjekk til drikke.
Ingeborg Varland si forklaring
Ingeborg Varland forklarte i retten at ho hadde vore saman med Theodora og to menn den aktuelle kvelden. Dei drakk, og Theodora blei svært berusa. Ingeborg følgde henne eit stykke gjennom byen, men såg ikkje at ho tok med seg klede frå nokon gardsrom. Neste morgon oppdaga ho klesplagg på kjøkkenet og forstod at Theodora måtte ha stole dei. Ho bad Theodora om å levera plagga tilbake. Dei som var våte, hang ho berre opp for å tørka.
Ingeborg heldt fast på at ho ikkje hadde sett sjølve tjuveria og dermed heller ikkje bore med seg nokre av klesplagga.
Dommen – ein skuldig og ein frikjend
Retten konkluderte med at Theodora hadde stole fleire klesplagg og var tilrekneleg under tjuveria. Ho fekk 15 dagar på vatn og brød og måtte betala sakskostnadene.
For Ingeborg fann retten ingen prov for medverknad. At ho hadde hengt opp våte klede til tørk, var ikkje nok til å knyta henne til tjuveria. Ho blei frikjend.
Avisomtale
Korkje Theodora (35) eller Ingeborg (41) blei nemnde med namn då avisa Stavanger Aftenblad skreiv om tjuveria og dommen i retten. I oppslaget som stod på trykk rett etter arrestasjonen var overskrifta «To piger». Men det gjekk ikkje mange dagar før dei blei omtalt som «2 tilaarskomne piger».

Tjuveri av skjørt i Stavanger (1896)
Tiltalen
I 1896 måtte Theodora Ommundsen igjen møta i retten i Stavanger, denne gongen sikta for å ha stole tre skjørt frå to kvinner. Ifølgje tiltalen hadde ho:
«en dag isommer» tatt eit skjørt frå Agnete Stølsvik, og natt til 8. oktober «et rødt og hvidstribet skjørt» frå Stine Sivertsen og «et blaat, blomsret do.» frå Stølsvik.
Statsadvokaten la vekt på at Theodora tidlegare var dømd fleire gonger for tjuveri.
Theodora si forklaring
I retten erkjende ho tjuveria, men forklarte at ho begge gongene hadde vore «saa beruset, at hun ingen klar ide havde om hvad hun gjorde».
Ho nekta for at ho hadde tatt plagga for å tena pengar, men innrømte at ho hadde brukt dei stolne skjørta og gitt eitt vidare til Lina Berg si dotter.
Retten si vurdering og dom
Retten fann ingen haldepunkt for at Theodora ikkje forstod handlingane sine. Sjølv om skjørta berre blei taksert til to kroner, spelte det stor rolle at ho tidlegare var dømd fleire gonger.
Dom: Theodora blei dømd for «2 gangs gjentaget simpelt tyveri» etter straffelova kap. 19 § 7, jf. § 1, og kap. 6 § 11. Straffa blei sett til 20 dagar på vatn og brød, og ho måtte betala 30 kroner i sakskostnader.
I straffejournalen til fengselet står det følgjande om Theodora:
LøbeNo: 222
Fangens Navn, Stand, Alder, Hjemsted, Signalement og Klædedragt: Tjenestepige Theodora Ommundsen No 23-94 […].
Naar og efter hvis Ordre indkommet: 23/11 Kl., 12 ¼ Mdg 96 Politimesterens Ordre
Efter hvilken Dom eller Resolution: Meddomsretsdom af 19/11 96
Lovovertrædelse: Forbr. mod Krml. Kap 19 § 7 Post 2b cfr med § 1 og med Kap. 6 § 11.
Straffens Beskaffenhed og Størrelse: Fængsel paa Vand og Brød i 20 Dage – 1 dag for Arresten.
I hvilken Tid Straffen er fuldbyrdet, og naar Angjældende er løsladt: Antallet af Mellemfristdagene anføres.: Fra 23/11 Kl. 12 ¼ Mdg. Til 16/12 Kl. 12 ¼ Mdg. Mellomfristdage Fra 28/11 Kl. 12 ¼ Mdg.96 Til 29/11 Kl. 12 ¼ Mdg 96 Fra 4/12 Kl. 12 ¼ Mdg 96 Til 5/12 Kl. 12 ¼ Mdg 96 Fra 10/12 Kl. 12 ¼ Mdg 96 Til 12/12 Kl. 12 ¼ Mdg 96
Antal Fangedage à Kr. 0.80.: 23 dage Kr. 18.40.
Understøttelse ved Løsladelsen og andre Omkostninger: –
Udfallet af Visitationen – hvilke Effekter frataget Fangen. (Undertegnes af den, der foretager Visitationen og af Vidnet): Havde intet T. Bergsager
Modtaget tilbake ved Løsladelsen (Undertegnes af Fangen): –
Journalen viser mellom anna:
- Løpenummer: 222
- Namn og status: Tjenestepige Theodora Ommundsen
- Innsett: 23. november 1896 etter ordre frå politimeisteren
- Dom: Meddomsrettsdom av 19. november 1896
- Lovbrot: Brott mot Kriminallovens kap. 19 § 7 post 2b jf. § 1 og kap. 6 § 11
- Straff: 20 dagar på vatn og brød + 1 dag arrest
- Fangedøgn: 23 dagar (à 0,80 kr = 18,40 kr)
- Effektar ved visitation: Ingen
Tjuveri av underbukse i Stavanger (1903)
I november 1903 stod Theodora Ommundsen igjen for retten, denne gongen for å ha stole ei underbukse frå ein ulåst kjellar i Peder Klows gate. Ho forklarte at ho hadde tatt plagget fordi ho ikkje hadde noko reint å skifte med: «hun bemægtigede sig Buxen fordi hun intet Bytte havde». Ho gjekk inn i kjellaren, tok ei «Dameunderbuxe» frå vasketøyet, gøymde ho under jakka og tok ho med heim der ho hang henne til tørk.
Vitne og forklaring
Vitnet Selma Malde stadfesta at underbuksa var hennar og kravde tiltale.
Theodora la ikkje skjul på handlinga og ønskte sjølv at saka skulle bli «paadømt her ved Retten». Ho peika på at det var over tre år sidan ho sist blei dømd, men retten viste til tidlegare straffehistorikk:
- to dommar i 1894
- éin dom i 1896
Retten si vurdering og dom
Straffa for «4.d Gangs simpelt Tyveri» var eigentleg straffarbeid i seks månader. På grunn av den låge verdien på tjuvgodset og fordi det var fleire år sidan førre dom, valde retten å redusera straffa.
Dom: 10 dagar fengsel på vatn og brød.
60 dagar i fengsel og tap av stemmerett for å ha ete stole syltetøy (1907)
Bakgrunn for saka
I januar 1907 blei Theodora Ommundsen tiltalt for heleri, ikkje tjuveri. Saka bygde på straffelova §§ 317 og 318.
Årsaka var at Thea Eeg Roth – tolv år yngre og tidlegare ustraffa – hadde stole fleire gjenstandar frå ulike bustader i Stavanger: eit skjørt, ei mugge, eit bærenett, koppar, eit spann melk og to syltetøykrukker med tytebær og stikkelsbær.
Retten si vurdering
Retten fann ikkje prov for at Theodora hadde deltatt i sjølve tjuveria. Likevel meinte retten at ho hadde gjort seg skuldig i heleri fordi ho hadde ete av det stole syltetøyet. Ho hadde etter retten si oppfatning medverka til «forbruget» av det – og dermed brote straffelova § 317 jf. § 318.
Dommen
- Straff: 60 dagar fengsel
- Frådrag: 23 dagar varetekt fråtrekte
- Gjennomføring: Resten av straffa blei omsatt til «Fængsel paa Vand og Brød»
- Rettstap: Tap av stemmerett og retten til offentleg teneste i 10 år
Tjuveri av ullbol og underbukse (1907)
Tiltalen
I oktober 1907 måtte Theodora møte i retten igjen, denne gongen for tjuveri av: ein ullbol og ei underbukse frå Halvor Egeland i Mellomgaten 13. Gjenstandane hadde ein samla verdi på seks kroner.
Rettsbehandling og dom
Theodora tilstod. Retten fann det bevist at ho hadde tatt gjenstandane «uden besidderens samtykke» for å skaffa seg vinning.
På grunn av tidlegare dommar blei straffa:
- 60 dagar fengsel på vatn og brød
- Frådrag: 13 dagar på grunn av varetektsfengsling
- Rettstap: Tap av stemmerett og offentleg stilling i 10 år, fordi ho hadde «vist sig uverdig» til desse rettane
Fleire tjuveri sommaren 1908 – og soning i Landsfengselet
Lovbrota
I juli 1908 stal Theodora fleire gjenstandar frå ulike bustader i Stavanger. Ho tok «et blårudet kjoleliv» og ei badedrakt, seinare «et net, hvori et par snørestøvler og en portemonnæ med 20 øre», og til slutt «et par brugte sko». Den samla verdien var på 14 kroner og 60 øre.
Retten sine vurderingar
Retten la særleg vekt på den lange rekka av tidlegare lovbrot. Mellom 1894 og 1907 hadde Theodora fått seks dommar:
- fire for simpelt tjuveri
- éin for heleri
- éin for tjuveri
- fleire bøter for «gadeuorden og drukkenskab»
Retten fann det bevist at ho hadde stole gjenstandane for å skaffa seg vinning.
Dommen
Theodora blei dømd etter straffelova §§ 257 og 262 til:
- 1 år fengsel
- Tap av stemmerett i 10 år (straffelova § 29 nr. 2)
Straffa skulle sonast i Landsfengselet i Kristiania.
Første opphald i Landsfengselet (1908–1909)
Den 13. august 1908 blei Theodora Ommundsen innsett i Landsfengselet i Kristiania for å sona den eittårige straffa ho hadde fått berre seks dagar tidlegare i Stavanger meddomsrett.
Tidlegare lovbrot og straffer
Fangeprotokollane gir eit klart oversyn over lovbrota hennar før ho kom til hovudstaden:
- 1894: Tjuveri – fengsel på vatn og brød (8 dagar)
- 1894: Simpelt tjuveri – fengsel på vatn og brød (15 dagar)
- 1896: Simpelt tjuveri – fengsel på vatn og brød (20 dagar)
- 1903: Simpelt tjuveri – straffarbeid 6 månader (benåda til 10 dagar fengsel på vatn og brød)
- 1907: Heleri – 60 dagar fengsel
- 1907: Tjuveri – 60 dagar fengsel
- I tillegg fleire bøter for drukkenskap og gateuorden
Arbeid og åtferd i fengselet
I Landsfengselet arbeidde kvinner ofte med poseklistring – det gjorde også Theodora. Ho hadde god oppførsel og arbeidde flittig. Då ho blei sett fri hadde ho gått opp rundt ni kilo, noko som tyder på at regelmessig mat og rolege rammer i fengselet gav henne betre helse enn ho hadde hatt utanfor murane.
Fengselet som institusjon
Fengselet låg i Storgata 33 i Kristiania, i bygningar frå 1740‑ til 1830‑åra. Anlegget hadde vore tukthus før det i 1882 blei gjort om til fengsel for kvinner.
Etter fleire namneskifte heitte det på denne tida Landsfengselet og arbeidshuset for kvinner. Bygningane blei etter kvart slitne, og anlegget blei seld og rive etter 1938.

Ny dom: småtjuveri og retur til Landsfengselet (1910)
Tjuveriet
Eitt år etter Theodora slapp ut av fengselet blei ho nok ein gong arrestert i Stavanger. Ho hadde stole «2 linneder og 1 haandklæde» frå ein ulåst kjellar i St. Hans-gaten 36. Plagga hadde ein verdi på berre 2–3 kroner. Ho fekk éi krone då ho selde dei vidare.
Handlinga blei vurdert som tjuveri etter straffelova §§ 257 og 263.
Dommen i Stavanger meddomsrett (7. juni 1910)
I retten blei det lagt vekt på to moment:
- den lange straffehistoria hennar
- den låge verdien på plagga
Retten slo fast at ho hadde handla «uden besidderens samtykke og i hensigt … at forskaffe sig en uberettiget vinding».
Straff:
- 6 månaders fengsel
- 6 dagar fråtrekk for varetekt
Tilbake i Landsfengselet – opphald i 1910
Theodora blei sendt tilbake til Landsfengselet 11. juni 1910. I fangeprotokollen er det kort notert kva ho hadde gjort sidan ho var der sist:
«Har siden sidste løslatelse opholdt sig i Stavanger. Har arbeidet en tid paa Brislingfabrik. Siden styret huset for en stenarbeider der.»
Ho var då rundt 52 år, vog 45 kilo, og var registrert som busett i Hetland. Som før fekk ho arbeid med poseklistring og hadde god oppførsel.
Vektendringa – eit blikk på livssituasjonen hennar
Vektutviklinga gjennom soningane viser store kontrastar mellom livet inne og ute:
Første soning (1908–1909):
- Innkomst: ca. 47,5 kg
- Sluttvekt: 56–57 kg
- Tyder på regelmessig mat, stabilitet og betre helse
Andre soning (1910):
- Innkomst: 45 kg
- Etter nokre månader: 59,5 kg
- Viser same mønster: ho fekk betre ernæring og ein meir stabil kvardag i fengselet enn utanfor.
Vektendringa fungerer som eit indirekte mål på levekåra hennar: frå underernæring og nød i det sivile livet til betre helse i fengselet.
Eit liv prega av marginalisering
Fangeprotokollane teiknar eit tydeleg bilete av Theodora sitt liv:
- fattigdom
- manglande formell utdanning
- ustabile arbeidsforhold
- periodar med alkoholbruk
- svake sosiale støtteordningar
I eit samfunn utan sikkerheitsnett fall ho stadig tilbake til småtjuveri for å overleva. Lovbrota må difor sjåast i samanheng med livssituasjonen, ikkje berre som einskildhandlingar.
Livet etter landsfengselet
Korleis det gjekk med Theodora dei første åra etter at ho kom ut frå Landsfengselet for Kvinner i 1911, veit vi lite om. I april 1920, det same året som ho fylde 62 år, fekk ho plass på aldersheim i Stavanger. Det første opphaldet der var kort, berre 5-6 veker. Men i juli fekk ho plass att, og blei truleg buande der til ho døydde i 1946.
Her kan du utforska dommane Theodora fekk i perioden 1894–1910.
Rettisdokumenta viser dei ulike sakene ho var involvert i, frå mindre tjuveri av klede og hushaldsgjenstandar til enkelte tilfelle av hæleri. Materialet gir innsyn i korleis desse sakene blei behandla i rettssystemet, kva ho blei dømd for, og korleis straffereaksjonane utvikla seg over tid.
- 1894 – 7. februar: Tjuveri av lommeur frå ein matros etter eit møte i ein hage ved Skagen. Straff: 8 dagar fengsel på vatn og brød.
- 1894 – 15. august: Gjentekne tyveri av klesplagg (skjørt) frå ulike gardsrom i Stavanger same kveld. Straff: 15 dagar fengsel på vatn og brød.
- 1896 – 12. og 19. november: To gonger gjentekne enkle tjuveri av fleire skjørt som hang ute til tørk. Straff: 20 dagar fengsel på vatn og brød + saksomkostningar.
- 1903 – 9. november: Tjuveri av dameunderbukse frå ein kjellar i Peder Klows gate. Straff: 6 månader straffarbeid (senka til fengsel på vatn og brød ved benåding).
- 1907 – 8. januar: Hæleri – deltaking i forbruk av tjuvegods (syltetøy og andre ting stole av Thea Roth). Straff: 60 dagar fengsel på vatn og brød.
- 1907 – 5. oktober: Tjuveri av ullbol og underbukse frå eit rom i Mellemgaten 13. Straff: 60 dagar fengsel på vatn og brød + tap av borgarlege rettar i 10 år.
- 1908 – 7. august: Tre separate tjuveri: kjoleliv og badedrakt, nett med støvlar og pengepung, samt eit par sko. Straff: 1 års fengsel + tap av borgarlege rettar.
- 1910 – 7. juni: Tjuveri av lintøy og handkle frå ein ulåst kjellar i St. Hans-gaten 36. Straff: 6 månaders fengsel + tap av borgarlege rettar.
Kvifor vi valde Theodora Ommundsen
Utgangspunktet for prosjektet
Denne nettutstillinga starta med eit ønske om å undersøka kva arkiva kan fortelja om liv, bakgrunn og levekår for kvinner som kom på kant med loven på slutten av 1800‑talet. Arbeidet blei utvikla som ein del av eit undervisningsopplegg i samarbeid med lærarstudentar ved Universitetet i Stavanger.
Nasjonalarkivet (Statsarkivet i Stavanger) har i fleire år bidrege i samfunnsfagsundervisninga, særleg med innspel om kjeldekritikk og bruk av arkivmateriale i undervisning og forsking.
Kvifor akkurat Theodora Ommundsen?
Då Nasjonalarkivet i 2018 gjorde 12 000 forbrytarportrett digitalt tilgjengelege, ønskte vi å visa korleis eitt portrett kan opna opp for eit breitt spekter av kjelder. Valet fall på Theodora Alvilde Charlotte Ommundsen frå Haugesund – ei kvinne som voks opp i ei tid då byen sjølv var i rask utvikling.
Gjennom spor etter henne i arkiva har vi forsøkt å laga eit mest mogleg utfyllande bilde av livet hennar. Difor er ho hovudpersonen i denne utstillinga.
Personane rundt Theodora
Menneske som påverka livet hennar
Sjølv om Theodora er i sentrum, fann vi spor etter mange andre personar som påverka livet hennar: politifolk, dommarar, medfangar, folk frå fattigkommisjonen og menneske ho budde saman med. Desse får ikkje brei omtale, men faren hennar, dei tre barna og fedrane deira har ein naturleg plass. Av forskingsetiske omsyn er undersøkingane avgrensa til perioden fram til tidleg 1900‑tal.
Når vi har kunna identifisere personar som Theodora møtte i samband med lovbrota, har vi lenka vidare til folketeljingane. Vi har òg lenka til andre digitalt tilgjengelege kjelder for dei som ønskjer å gå djupare inn i materialet. Desse sidespora kan gi utvida innsikt og fungera som gode inngangar til eigne arkivstudium.
Didaktiske perspektiv
Nettutstillinga som undervisningsressurs
Arkivmaterialet og inngangsportane vi presenterer, kan eigna seg godt til undervisning i både grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Då vi utvikla utstillinga, hadde vi særleg læringsutbytte i samfunnsfag og historie i tankane, men materialet vil òg vera relevant for studentar innan rettsvitskap, samfunnstryggleik, sosiologi, sosialfag og humanistiske fag. I skulen kan det nyttast i mellom anna norsk, matematikk, KRLE og rettslære.
Små og store samanhengar i historia
Arkivmaterialet kan brukast til djuplæring frå fleire perspektiv. Det gir mellom anna grunnlag for å forstå korleis fattigstellet, påtalemakta og domstolane fungerte rundt førre hundreårsskiftet.
Kyrkjebøkene viser kva folk døydde av, og mange vil bli overraska over kor mange barn og unge vaksne som døydde av infeksjonssjukdommar. Særleg er det tankevekkjande kor unge dei som døydde av tuberkulose var. Slik kunnskap gir moglegheit til å reflektera over infeksjonssjukdommar i samtida vår – inkludert pandemien i 2020.
Materialet eignar seg dessutan godt til praktisk arbeid:
- å lesa handskrivne dokument
- å samanlikna transkriberte og originale kyrkjebøker. Eit illustrerande eksempel er at etternamnet Zetlitz i transkriberte kyrkjebøker var skrive både «Lettitz» og «Grellitz».
- å arbeida kjeldekritisk med skrivemåtar av namn
- å studera førenamn og etternamn i bruk før personnamnlova av 1923
Ulike kjeldetypar – og informasjonen som ikkje finst lenger
Kjelder vi har brukt
I arbeidet med utstillinga har vi brukt kjelder frå både statlege og kommunale arkiv, i tillegg til avisstoff. For å forstå og nytta slike kjelder må ein vita noko om korleis samfunnsordningane var på den aktuelle tida. Avisene, som i hovudsak er godt bevart i Nasjonalbiblioteket, gir eit viktig supplement og er tilgjengelege digitalt.
Det arkiva ikkje fortel
Når vi kjem tett på enkeltmenneske som her, må vi vera medvitne om at arkiv og aviser berre dokumenterer ein del av livet. Dei gir sjeldan innblikk i tankar, samtalar, glede eller sorg. Det er gjerne kontakten med styresmaktene som etterlet spor, noko som fører til ei overvekt av opplysningar om konfliktar, fattigdom og brot på normer og lover.
Fallgruver og moglegheiter i historieforteljing
Når informasjon manglar
Det kan vere freistande å lage eigne forteljingar når kjeldene er tause. Det kan vera eit nyttig didaktisk grep, men berre når det er tydeleg kva som er fakta og kva som er hypotese eller fiksjon.
Kjeldekritikk som demokratisk ferdigheit
Eit viktig mål med utstillinga er å styrka kjeldekritiske ferdigheiter. Kjeldekritikk står sentralt i læreplanane for grunn- og vidaregående skule og er ein viktig del av eit demokratisk samfunn.
Då utstillinga stod ferdig i 2020, var verda prega av debatten etter det dramatiske presidentvalet i USA. Situasjonen viste tydeleg kor viktig det er at alle – ikkje berre journalistar og forskarar – kan vurdera kjelder kritisk i ei tid prega av informasjonsflom og feilinformasjon.
Kontrafaktiske spørsmål i undervisning
Kontrafaktiske spørsmål kan òg vera eit nyttig pedagogisk grep. Livet til Theodora viser kor tilfeldig eit livsløp kan vera. Ein kan til dømes spørja:
Kva om ho og Zetlitz hadde gifta seg?
Korleis ville livet hennar sett ut dersom faren ikkje hadde gått konkurs?
Slike spørsmål kan stimulera til refleksjon – så lenge skiljet mellom fakta og hypotese er tydeleg.
Forskingsetiske refleksjonar
Offentleg tilgjengelege kjelder
Alle kjeldene vi har brukt, er offentleg tilgjengelege og regulerte av offentleglova og forvaltningslova. Sidan personane det gjeld, er døde, er bruken ikkje omfatta av personvernreglane i GDPR.
Etiske krav og forskingspraksis
Sjølv om materialet er offentleg, må vi reflektera over om det er etisk forsvarleg å presentera det. I forskingsetikklova (2017) § 4 blir det slått fast at forskarar skal opptre aktsamt og i tråd med anerkjente forskingsetiske normer.
Vi har lagt Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi (2016) til grunn, særleg artikkel 5 om menneskeverd og artikkel 17 om respekt for avdøde.
Opplysningane vi legg fram, handlar ofte om personlege og sårbare forhold, men dei er samstundes viktige for å forstå levekår, risiko og samfunnsstrukturar rundt førre hundreårsskiftet. Slike opplysningar er vanlege i biografisk forsking og historisk forfattarskap.
Respekt for marginaliserte liv
Arkivdokument og avisoppslag seier gjerne lite om kva menneska følte eller tenkte om sine eigne liv. Men ved å sjå dei objektive opplysningane i samanheng med eit langt livsløp, kan vi – ut frå allmenn menneskeleg innsikt – ana kor krevjande mange liv må ha vore.
For å forstå historia fullt ut kan vi ikkje berre dokumentera dei vellukka, men også dei som hadde tunge og marginaliserte liv. Nettopp difor har vi valt ei individorientert og detaljert tilnærming.
Avslutning
Etiske vurderingar kan og skal diskuterast. Men uansett kva ein konkluderer med, må opplysingar om både levande og døde møtast og formidlast med respekt. Informasjon om forhold som var i strid med lov eller moral i samtida, må lesast og tolkast i kontekst – ikkje løyst frå samanhengen dei oppstod i. Det har vi vore opptatt av i denne utstillinga.
Målet vårt har vore å gi Theodora og dei andre personane i materialet eit verdig ettermæle – innanfor rammene av kjeldene vi har til rådvelde.
Vi kan ikkje vite om dei ville kjent seg igjen i framstillinga, men vi har etterstreba respekt, historisk kontekst og forskingsetisk medvit.
Denne nettutstillinga er laga av:
- Ine Fintland, førstearkivar
- Synnøve Østebø, arkivar
Takk til
Fleire tilsette i Nasjonalarkivet fortener ein stor takk for god hjelp i dette arbeidet. Nokre har bidratt med å finna fram til og leita i relevante arkivkjelder, andre har hjelpt til med skrifttyding og transkripsjon, andre har bidratt med skanning og framfinning av foto.
- Jan Alsvik, førstearkivar, Brukertjenester
- Erling Dragland, førstekonsulent, Brukertjenester
- Odd Halvorsen, førstearkivar, Brukertjenester
- Almina Jazavac, konsulent, Depot
- Eli Mosvoll-Jakobsen, seniorkonsulent, Brukertjenester
- Hanne Karin Sandvik, papirkonservator, Depot
- Torkel Thime, førstearkivar, Bevaringsvurdering og privatarkiv
- Hilde F. Tjøtta, konsulent, Tilgjengeliggjøring
- Jogeir Aarthun, førstekonsulent, Tilgjengeliggjøring
- Mette Værnes, seniorkonsulent, Brukertjenester
Takk også til:
- Stine Nerbø, rådgiver, Interkommunalt Arkiv i Rogaland
- Grethe Paulsen Vie, konservator, Haugelandmuseet
Sist, men ikkje minst, tusen takk til Hanne G. D. Brynjulfsen, konsulent ved Sentralarkivet i Haugesund kommune, for grundige søk i relevante arkivkjelder, fantastisk god service og positivt engasjement.
1. Søk i ulike folketeljingar (1865, 1891, 1900, 1910, 1920) på namna: Theodora, Tønnes, Teresia, Alfrida, Trygve, Hildur, Ludvig, Rasmus osb. Finn ut kor mange personar i landet eller på ein bestemt stad, t.d. i Stavanger eller Haugesund, som hadde same desse namna. Meir informasjon om korleis du søkjer finn du her. Lag ei grafisk framstilling av det du finn ut.
2. Vel ut ei kyrkjebok og finn ut kva folk døydde av tidleg på 1900-talet. Lag ei grafisk framstilling av det du finn ut.
3. Ta utgangspunkt i eitt eller fleire av bilda i denne nettutstillinga og still kjeldekritiske spørsmål til det du ser og til dei opplysningane du har om det.
4. Bruk folketeljingar og finn fram til kva yrke folk hadde tidleg på 1900-talet. Kor mange var t.d. «tjenestepige», «strikkerske», «syerske», «handelsmann»/handelsmand»/»handelsm.»?
5. Bruk folketeljingar og finn ut kven som sat i landsfengselet i 1900 og i 1910 i Kristiania (Oslo). Vel ut ein eller fleire av dei personane og prøv å finna ut meir. Du kan søkja i kyrkjebøker, andre folketeljingar, aviser på www.bokhylla.no
6. Gå inn på «forbryteralbum» og vel deg ut ein eller fleire personar der som du prøver å finna ut meir om ved å bruka folketeljingar og kyrkjebøker.
7. Finn ut kor mange ulike fødselsdatoar og -år det finst på Theodora i dei ulike kjeldene.
8. Lær deg ulike handskrifter ved å sjå på ein eller fleire av dei innskanna originalane og den maskinskrivne (transkriberte) versjonen av dei same.
9. Kor mange motstridane opplysningar finn du når du samanliknar informasjonen som kjem fram i ulike kjelder? Vurder funna dine kjeldekritisk.
10. Ta utgangspunkt i eitt eller fleire av dei korte oppslaga i avisene om dei lovbrota Theodora er blitt dømd for og sjå desse opp mot dommen og evt. andre dokument som er lagt fram i retten. Kva tankar gjer du deg om det som blei gjort kjend for folk gjennom avisa og det som blei gjort kjend i retten? Korleis ser avisoppslag ut i dag? Kva kjelder ligg til grunn for det som blir skrive?
Nokon forslag til relevant litteratur
- Norges officiele statistik. VI. 61. Fængselsstyrelsens Aarbok 1911. Utgit av Ekspeditionschefen for Fængselsvæsenet. (1916)
- Den norske Straffelov. Lov angaaende Forbrydelser af 20de August 1842 og Lov indeholdende Forandringer i samme af 3die Juni 1874. Med henvisninger af B. Getz
- Almindelig borgerlig Straffelov af 22de mai 1902 og Lov om den almindelige borgerlige straffelovs ikrafttræden. Med henvisninger ved J. Parmann cand. jur.
- Om Forbrydelser og deres vigtigste Aarsager af Fængselspest A. Hval. Foredrag ved Videnskabsselskabets Aarsfest den 21de Januar 1902
- Evensen, Arne; Skjeggestad, Terje; Haugli, Willy; Aukrust, Magnar: «fengselsstraffens historie» i Store norske leksikon
- Fintland, Ine og Østebø, Synnøve (2020): «Av papir kan du atter oppstå – Arkivenes uhørte fortellinger om liv.» I: Kjelland, Arnfinn m.fl. (red.) Mikrohistorie. Trondheim: Museumsforlaget
- Frøberg, Anne (2010): Detaljenes disiplin – Fangers fengselsopphold i Kristiania Landsfengsel for kvinner i perioden 1900-1927, masteroppgave 60 poeng i Kulturhistorie, Program for kultur- og idéstudier, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, UiO
- Hagerup, Francis (1903): Almindelig Borgerlig Straffelov af 22 Mai 1902 og Lov om dens ikrafttræden af samme dato
- Norsk Lovtidende: Den norske jurylov af 1ste juli 1887
- Petersen, Richard (1894): Fængselsliv
- Schweigaard A. m.f. (1860): Commentar over Den Norske Criminallov
- Wister, Ola A. (1997): Enkelte trekk ved norsk fengselshistorie
