Migrasjonsåret 2025: Historiske dokument på reise over Atlanteren

I samband med utvandrarjubileet Crossings 200 markerer Arkivverket den første organiserte norske seglinga med emigrantar til Amerika ved å tilgjengeleggjera unike arkivkjelder. Riksarkivaren overrekkjer også ei spesiell gåve til mannskapet på Restauration, som er ein kopi av skuta som markerte starten på den store utvandringa, under eit arrangement i Stavanger 3. juli.

– Det er spennande at dokument som ein gong kryssa havet som del av ei historisk reise, no får gjera det igjen. Arkiva er berarar av forteljingar me framleis treng å høyra, seier riksarkivar Inga Bolstad

På vegner av Arkivverket vil ho overrekkja kopiar av fleire historiske dokument til mannskapet på Restauration. Dokumenta, som opphavleg følgde skipet med 52 personar om bord frå Stavanger til New York i 1825, skal no få ta ferda på nytt. Desse dokumenta inkluderer mellom anna: 

Arkivkjeldene dokumenterer ikkje berre den historiske reisa. Dei kastar også lys over formalitetar, avgjerder og lagnader knytte til utvandringa. 

Arkivkjelder tilgjengeleg for alle

– Arkiva gir oss ikkje heile historia, men dei gir oss brotstykke av korleis røyndommen var. Dei hjelper oss å forstå at vala menneska tok i 1825, vart gjorde med heilt andre føresetnader enn me har i dag, seier riksarkivaren. 

På Digitalarkivet kan dei originale dokumenta studerast nærare. Arkivverket publiserer også ei utstilling med originale og transkriberte dokument, tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse gir mellom anna innblikk i førebuingane før reisa, samansetninga til lasta og behandlinga til styresmaktene av utvandringa. 

Markering i Stavanger 3. juli

Arrangementet finn stad ved skutesida av Restauration på Fiskepiren i Stavanger 3. juli kl. 14.30, som ein del av programmet for Crossings 200. Gåva vil bli overlevert til mannskapet, og enkelte dokumentkopiar vil også delast ut i dei hamnene skipet besøkjer. 

Meir informasjon