
Milliondryss til gode arkiv-idear: Her er dei 49 prosjekta som får årets arkivutviklingsmidlar
– Med ny arkivlov på plass frå nyttår, er døra opna for meir nytenking. Det er spanande at fleire av dei som får utviklingsmidlar i år, har idear om meir effektive måtar å løyse viktige arkivoppgåver på, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Kvart år deler Arkivverket ut ein del av overskotet frå Norsk Tipping på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet. I år er potten med arkivutviklingsmidlar rekordstor. Totalt 17,2 millionar kroner skal før nyttår fordelast til 49 utvalde søkjarar rundt om i landet.
Heiar fram innovasjon
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery er glad for å høyre at engasjementet i arkivsektoren er sterkt i år som tidlegare. I år kom det inn heile 74 søknader frå 13 av dei 15 fylka i landet. Alle fylka som søkte, får midlar.
Jaffery gler seg over at fleire av prosjekta har som mål å forbetra viktige arbeidsprosessar.
– Frå nyttår trer ny arkivlov i kraft. Eit mål med lova er å gjere det enklare å finna nye måtar å sikra, ta vare på og gjere dokumentasjon tilgjengeleg i den digitale verda vi lever i. Det trengst stadig innovasjon om vi skal halda tritt med skiftande teknologi og dei store mengdene informasjon som blir skapte i forvaltninga kvar dag. Her heiar eg fram alle gode idear, seier Jaffery.
– Forteljinga om oss
Årets arkivsøknader dekkjer ei rekkje ulike arkivområde. Som vanleg blir det gjeve støtte til fleire prosjekt som har som mål å ta vare på og presentera viktige privatarkiv.
Til dømes får Oslo byarkiv, Kulturetaten og Oslo kommune støtte til eit prosjekt der målet er å kartleggja, samla inn og sikra arkiv frå fleirkulturelle miljø i hovudstaden og omegn. Slik kan ein dokumentera mangfaldet i Oslos nyare historie, og sikra arkivmateriale som i dag er sårbart eller underrepresentert i offentlege samlingar.
Eit anna prosjekt som får støtte, er arbeidet NTNU gjer for å ordne og gjere fotoarkiva frå Fotogjengen ved Studentersamfundet tilgjengelege. Arkivet til fotogjengen vart innlemma i Noregs dokumentarv i 2024. Fotomaterialet fortel viktig historie om studentliv og studentkultur i Trondheim gjennom omlag 70 år.
– Dette er gode døme på prosjekt som tydeleg viser korleis arkiv er ein viktig del av forteljinga om oss, om kven vi faktisk er, vi som bur her i Noreg. Eg gler meg til å sjå kva som kjem ut av arkivprosjekta, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Riksarkivaren: – Offensiv arkivsektor
Riksarkivar Inga Bolstad er òg nøgd med årets søknader og tildelingar.
– Eg gler meg kvart år over engasjementet, breidda og innsatsvilja i sektoren, landet rundt. Det er svært positivt at både små og store institusjonar står på og spelar inn spanande og viktige prosjekt kvart år, frå privatarkivprosjekt til innovasjon. Det er ei stor glede for Arkivverket å kunne bidra, seier Bolstad.
Med tildelingane i år har over 400 prosjekt til saman motteke arkivutviklingsmidlar sidan Arkivverket tok over ordninga i 2015. Totalt er det delt ut nær 125 millionar kroner.
Neste år blir det endringar. Frå 2026 blir arkivutviklingsmidlane tekne inn i ein eigen post på statsbudsjettet. Tidspunkt for søknader og tildelingar vil bli endra.
Fordeling av midlane i 2025
| Programområde | Talet på tilskot | Sum tildelt |
|---|---|---|
| Arkivspira | 15 | 3 656 660 kr |
| Arkivveksthuset | 6 | 3 535 300 kr |
| Startskudd | 28 | 10 018 107 kr |
| Totalt | 49 | 17 210 067 kr |
Støtte til arkiv og arkivutviklingsprosjekt 2025
- Kvart år deler Arkivverket ut ein del av overskotet frå Norsk Tipping på vegner av Kultur- og likestillingsdepartementet. Desse pengane, kalla Arkivutviklingsmidla, skal støtta tiltak som styrkjer bevaring, formidling og tilgjengeleggjering av arkiv i heile landet.
- Midla skal bidra til kompetanseheving, samarbeid og innovasjon i arkivsektoren.
- Arkivverket delar i år ut arkivutviklingsmidlar til 49 prosjekt over heile landet.
- Totalt delast det i 2025 ut 17,2 millionar kroner.
- Midla vert fordelt på programområda Arkivspira, Arkivveksthuset og Startskudd.
- Til saman kom det i år inn 74 søknader frå 13 av dei 15 fylka i landet, og alle fylka som søkte får tildelt midlar.
- Årets søknader dekkjer ein rekke ulike arkivområde, frå bevaring av privatarkiv til utvikling av modular som byggjer vidare på fellesløysinga Digitalarkivet.
- I år har Arkivverket, etter dialog med tilskotsforvaltar, avsett ein mindre del av totalramma til drift av ordninga. Den totale summen til fordeling er dermed noko lågare enn tidlegare anslått, 18 mill.
- Frå 2026 er Arkivutviklingsmidlane teke inn i ein egen post på statsbudsjettet, og tidspunkt for søking og tildelingar vil endrast.
Her er nokre av prosjekta som får støtte i 2025
Vestland fylkeskommune – Effektivisering og standardisering av digitale mottak (Arkivspira)
Prosjektet skal redusera manuelle og sårbare prosessar ved innmelding av digitale uttrekk. Gjennom bruk av open kjeldekode og automatiserte arbeidsflytar skal mottak, validering og arkivfagleg behandling standardiserast og gi auka kvalitet og tryggleik.
IKA Kongsberg – Innsynsrettleiaren Arkivar (Startskudd)
Prosjektet skal utvikla ny KI-basert teknologi som gjer det enklare for innbyggjarar å finna og be om innsyn i kommunale arkiv. Løysinga skal følgja gjeldande regelverk, inkludert GDPR og KI-forordninga, og vil bidra både til betre brukartenester og meir effektiv saksbehandling i arkiv institusjonar.
Perspektivet museum – Mangfald og urbanisering i nord: Sikring og ordning av fotosamlinga etter Knut Stokmo (Startskudd)
Den omfattande fotosamlinga etter Stokmo Foto AS dokumenterer byutvikling og kvardagsliv i Tromsø og Nord-Noreg frå 1950-talet til 2000-talet. Prosjektet skal sikra og ordna samlinga og gjera den tilgjengeleg, med særleg vekt på å synleggjera minoritetars og urbane samfunns liv gjennom historiske foto.
NTNU Universitetsbiblioteket – Registrering av Fotogjengen ved Studentersamfundets arkiv(Arkivspira)
Arkivet til fotogjengen vart innlemma i Noregs dokumentarv i 2024. Prosjektet skal registrera og berika digitaliserte bilete med metadata, slik at dei blir gjenfinnberre og klare for publisering. Dette er del av eit større løft for digital bevaring og tilgjengeleggjering av den visuelle historia til studentkulturen.
Les meir om arkivutviklingsmidlane og sjå tidlegare års tildelingar her.