Luftfoto av industrielt transportbåndsystem med rulleskinner, metallrister og blå støttestrukturer i et lagermiljø. Vegard Breie/Nasjonalarkivet

No kan du søke om arkivutviklingsmidlar 2026

Nasjonalarkivet opnar no opp for søknader om utviklingsmidlar til arkivføremål. Det er sett av 18 millionar kroner, og søknadsfristen er 15. mai 2026.  

Kvart år deler Nasjonalarkivet ut midlar til utvikling av arkivføremål. Arkivutviklingsmidlane skal bidra til utvikling, innovasjon og tilgjengeleggjering av arkiv i heile arkivsektoren.  

Dei som kan søke om midlar, er institusjonar som tek vare på og gjer tilgjengeleg arkiv frå privat og offentleg verksemd, dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvaltning og arkivfaglege interesseorganisasjonar.  

Vi oppfordrar søkarar til å samarbeide om prosjekt, anten det er med andre innanfor målgruppa eller med andre relevante aktørar. Dette kan til dømes vere utviklings- og forskingsmiljø og private aktørar.  

Det er mogleg å søke om midlar innanfor to programområde:  

Ein innovasjonsarena for arkiv 

Programområdet skal dyrke innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon ved å leggje til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling – på område der det er naudsynt å tenkje nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Innanfor dette området kan søkarar som ynskjer å teste, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing slå seg laus.  

Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv 

Programområdet skal legge til rette for sikring, ordning og katalogisering av både analoge og digitale privatarkiv. Føremålet er å bidra til at viktige privatarkiv i heile landet blir gjorde tilgjengelege for bruk gjennom publisering av kataloginformasjon. 

Tidlegare søknadsfrist for arkivutviklingsmidlane i år

For fyrste gong er arkivutviklingmidlane i statsbudsjettet. Difor er søknadsfristen tidlegare enn vanlig i år.  

Informasjon om kva prosjekt som får midlar, vil også kome på eit tidlegare tidspunkt enn før.