Nasjonalarkivet
Norske utvandrarhistorier: No kan du søkje i amerikabreva
Korleis var det å starte eit nytt liv i Amerika? No kan du lese om opplevingene til dei norske utvandrarane med deira eigne ord.
På 1800- og 1900-talet sende mange norske utvandrarar brev heim til familie og venner om livet i det nye landet. Breva bidrog til at fleire følgde etter, og til at talet på norske emigrantar nådde nesten éin million på under hundre år.
På slutten av 1920-talet og utover vart breva samla inn, og vart ein del av Historiografisk samling ved Norsk Historisk Kjeldeskrift-institutt. Dei fleste breva vart skrivne av med skrivemaskin, medan originalane stort sett vart sende tilbake til eigarane.
Søk i breva
Arkivverkets samling med amerikabrev består av over 17 000 bildesider med handskrivne og maskinskrivne brev. Breva har vore tilgjengelege på Digitalarkivet i fleire år. Det nye no er at vi i samband med markeringa av Migrasjonsåret 2025 har maskinlest breva slik at du også kan søkje i dei.
For brev og avisutklipp med maskinskrift og trykt tekst, er avskrifta nær 100 prosent korrekt. For handskrivne brev er all tekst mogleg å søkje i, men berre personnamn, stadnamn og datering er kvalitetssikra manuelt. Ein stor takk til dei frivillige som har bidrege i dette arbeidet.
Slik finn du fram i amerikabreva
- Du kan søkje på kva ord som helst i søkjetenesta. Best treff får du på personnamn og stadnamn. Eit søk på ordet “indianar” gir til dømes 83 treff.
- Du kan også bla i dei skanna breva og andre dokument som høyrer til det redaksjonelle arbeidet med bokverket “Frå Amerika til Noreg”.
- “Frå Amerika til Noreg” (1992–2011) består av sju bind med avskrifter av brev frå 1838–1914. Berre eit utval av alle breva som vart samla inn er publisert der. Bøkene kan lesast på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek.