Moderne glassbygning omgitt av trær, med hvite vegger, store vinduer og en inngangsdør i tre omgitt av frodig grøntområde. Arkivverket

Ny arkivlov: rettleiing og tilsyn 2026

Ny arkivlov og nye forskrifter trer i kraft ved årsskiftet. Vi førebur no rettleiing og nye tilsyn for å støtte forvaltninga i overgangen til det nye regelverket.

Den 01.01.2026 trer lov om dokumentasjon og arkiv (arkivlova) i kraft. I tillegg har ny forskrift om dokumentasjon og arkiv (arkivforskrifta) og ny forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida (bevaringsforskrifta) nyleg vore ute på høyring.   

Vi veit at forvaltninga har behov for rettleiing om det nye regelverket. Difor jobbar vi med å oppdatere og lage nytt rettleiingsmateriell. All nødvendig og etterspurd rettleiing vil likevel ikkje vere klart til 2026. Vi publiserer rettleiarar og informasjon fortløpande på nettsida vår.  

Vi jobbar også med å revidere tilsynsmetodikken. Per i dag har vi ikkje avgjort omfang eller tidspunkt for tilsyn i 2026. Målet er framleis at tilsyna våre skal opplevast som nyttige og lærerike for dei vi fører tilsyn med. 

Når vi har lagt planane for tilsyna i 2026, vil tilsyn med kommunar og fylkeskommunar verte meldt inn i Statsforvaltarens tilsynskalender.  Alle tilsyn vert varsla i god tid.