Person som skriver på bærbar PC, iført hvit skjorte og armbåndsur. Fargerike klistrelapper synlige på skrivebordet. Fokus på hender og datamaskin.
Foto: Nasjonalarkivet

Ny rettleiar om bevaringskriteria i arkivforskrifta

Krava til kva slags dokumentasjon som skal bevarast for ettertida er gjort tydeleg i nytt regelverk. No har Nasjonalarkivet laga ein ny rettleiar som skal hjelpe statlege verksemder med å bruke bevaringskriteria i § 2 i arkivforskrifta.

For å sikre dokumentasjon av samfunnsutvikling, rettar og forvaltningsverksemda, er det avgjerande å vurdere kva type dokumentasjon som skal takast vare på. I arkivforskrifta § 2 er det fastsett fem kriterium som skal leggjast til grunn for vurderingar av kva dokumentasjon som skal bevarast. Kriteria blir brukte av Nasjonalarkivet, og av statlege organ som skal lage forslag til bevaring og kassasjon.  

Rettleiaren forklarar korleis kvart enkelt kriterium kan forståast og brukast i praksis. Den viser mellom anna korleis du kan vurdere om dokumentasjon har verdi for ettertida, og kva verdi ho har for å forstå fortida og ta vare på rettar og forvaltning.

Slik kan rettleiaren brukast

Rettleiaren er laga for statlege verksemder som skal arbeide med bevaring og kassasjon innanfor sine fagområde.  

Den gir støtte til å vurdere arkivmateriale i tråd med regelverket. Det er tilstrekkeleg å føreslå bevaring ut frå eitt kriterium, og kriteria kan også brukast i samanheng, fordi dei overlappar og utfyller kvarandre.  

Ved uvisse blir det tilrådd å vurdere dokumentasjonen opp mot fleire relevante kriterium.