En gruppe mennesker i et møterom som oppmerksomt ser på en presentasjon på en skjerm.
Foto: Nasjonalarkivet

Ny rettleiar om bevaringsplanar for fagsaker

Statlege verksemder skal foreslå kva dokumentasjon frå fagområda sine som skal takast vare på for ettertida. No har Nasjonalarkivet publisert ein ny rettleiar som skal gjere arbeidet med bevaringsplanar enklare og meir oversiktleg. 

Bevaringsforskrifta pålegg statlege verksemder å utarbeide forslag til bevaringsplan for fagsakene sine. Planen skal omfatte forslag til både kva som skal takast vare på og kva som kan kasserast, som verksemda sender til Nasjonalarkivet for godkjenning.  

Slik kan rettleiaren brukast

Rettleiaren forklarar korleis verksemda kan organisere arbeidet og involvere fagmiljøa, og kva bevaringsomsyn som skal leggjast til grunn. Dette kan til dømes vere kulturhistorisk og vitskapleg verdi, og omsynet til rettar, plikter og forvaltningsverksemda. Den viser også korleis verksemda kan bruke «kvalifisert skjønn» i vurderingane, og korleis ho kan handtere personopplysningar og sikre dei vesentlege eigenskapane til dokumentasjonen. I tillegg inneheld rettleiaren praktiske skjema verksemda kan bruke i arbeidet.  

Rettleiaren er laga for deg som utarbeider bevaringsplanar i statlege verksemder, men kan også vere nyttig for kommunar og fylkeskommunar når dei skal handtere dokumentasjonen si etter reglane i bevaringsforskrifta. Rettleiaren rettar seg mest mot digitalt skapt materiale, men er også relevant for papirarkiv.  

Nasjonalarkivets arbeid med nye rettleiarar

Nasjonalarkivet lagar for tida nye rettleiarar i tråd med nytt arkivregelverk. Rettleiarane blir publiserte fortløpende på denne sida.