Yrkesetiske retningslinjer for arkivarer

Den internasjonale arkivorganisasjonen ICA (International Council on Archives) har vedtatt yrkesetiske retningslinjer for verdens arkivarer. Formålet med regelverket er å gi en etisk ramme for arkivaryrket.

Eit yrkesetisk regelverk for arkivarar tek sikte på å etablere ein høg etisk standard for arkivaryrket. Denne standarden bør presenterast for nye medlemmer av yrket, minne røynde arkivarar om deira yrkesmessige ansvar og gje allmenta tillit til arkivaryrket.

I dette regelverket blir omgrepet «arkivar» nytta om alle som arbeider med styring, pleie, depothandsaming, bevaring og administrasjon av arkiv.

Arkivinstitusjonar bør oppmuntrast til å innføre retningsliner og rutinar som legg til rette for at standarden kan handhevast i den daglege verksemda og i langsiktige mål.

Føremålet med regelverket er å gje ei etisk ramme for rettleiing av medlemmer av arkivaryrket, ikkje å gje konkrete løysingar på spesielle problem.

Til kvar av grunnreglane er knytt ein kommentar. Grunnreglar og kommentarar utgjer til saman regelverket.

Regelverket avheng av at arkivinstitusjonar og yrkesorganisasjonar er viljuge til å ta det i bruk. Dette kan gjerast i form av opplæring og ved at det blir etablert eit apparat som skal gje rettleiing i tvilstilfelle, granske tilfelle av uetisk praksis, og – dersom det er naudsynt – gjennomføre sanksjonstiltak.

Les mer

Du finner mer om yrkesetiske retningslinjer her:

ICA Code of Ethics

Om ICA (International Council on Archives)

Etiske retningslinjer for statstjenesten (Regjeringen.no)