Utarbeide ein metodikk og eit verktøy til hjelp i kartlegginga av arkivdokumentasjonen i ein kommune. Metodikken og verktøyet skal bidra til at dokumentasjon skapt i dagens kommune vert handtert ihht til lover og reglar og vidareført på ein forsvarleg måte i den nye kommunen. Den skal også sikre avlevering av dette materialet til depot. Prosjektet skal legge til rette for at kommunane skal kunne handtere store utfordringar knytt til dokumentasjonshandteringa i kommunereforma med relativt kort tidsfrist.
Tittel: Snøklokkeprosjektet – handtering av dokumentasjon i samband med kommunereforma
Prosjekteier: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Tema: Offentlig arkivdanning, Overføring og bevaring
Tildelt beløp: 275 000 kr
Tildelingsår: 2016
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Prosjektet vil vere forankra i Arkivplan.no-samarbeidet som inkluderer samtlege Komunearkivinstitusjonar (19 stk) som arbeider med moderne arkiv. Prosjektet vil bli leia av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og gjennomført ilag med IKA Hordaland IKS. August: Utvikling av kartleggingsverktøy og førebuingsarbeid September: Utvikling av kartleggingsverktøy og kartlegging i kommunar og kvalitetssikring av data. Oktober: Kartlegging i kommunar og kvalitetssikring av data. Begynnande systematisering av data. November: Systematisering av data. Oppstart rapportskriving Desember: Rapportskriving/metodebeskriving.