Trygg digital levering

Prosjektet skal løyse behovet for trygg digital tilbakelevering av personregistrarkiver samt ei automatisert sletting av digitale kopiar i tråd med personvernfororninga så snart databehandlar har oppfylt formålet med personregisterbehandlinga. Tryggleik for autentisering og nedlasting skal vere på nivå 4 Bank ID og https: sikkerheitssertifikat og forsendelse av digitaliserte dokument skal vere kryptert. All forsendelse og mellombels lagring av dokumenta skal foregå på norsk jord. Gjennom signering og nedlasting hjå kunden/kommunen, skal dokumenta autenitiserast med vannmerke og disclamer jamfør ansvar gjennom personvernfororninga. Autentisering og nedlasting skal starte ein timer som slettar dei digitale dokumenta frå løysinga. Den som leverer dei digitale kopiane skal i tråd med personvernfororninga føre eit oversyn om kva opplysningar som er gitt ut, til kven og til kva føremål. Dette registet skal vere tilgjengelg så lenge forordninga krev det.

Tittel: Trygg digital levering

Status: Avsluttet

Prosjekteier: IKA Hordaland

Tildelt beløp: 250 000 kr

Tildelingsår: 2017

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Omtale: Ved å gjennomføre prosjektet «trygg digital tilbakelevering» skal ein i tillegg til å utvikle ei teknisk løysing og levere ein rammeavtale kring drift av løysinga som kommunale arkivinstitusjonar kan gjere avrop på. På denne måten vil ein tilby stabil drift av løysinga i inntil t.d. 3+3 år etter at den er ferdig utvikla. Konseptet har vore drøfta i samtaler med Datatilsynet i høve personvern og Difi i høve eksisterande løysingar i Difi sine digitale fellesløysingar. Difi vil delta i konseptfasen for å sjå på «case» og vidaresamarbeid vil bli avklara deretter. Prosjektet er eit samarbeid med Fylkesakrivet Sogn og Fjordane. 1. Konseptfasen 01.12.17-15.12.17 Design av løysinga og oppsett. 2. Planleggingsfasen 01.01.18-20.01.18 Ferdig skisse og milepelsplan 3. Gjennomføringsfase 01.02.18-01.03.18 Signering av avtale utviklar utvikling og levering av pilot 4. Avsluttingsfasen 01.04.18-15.03.18 Overlvevering til linje og teikning av rammeavtalar

Rapporter