Synliggjøring av de usynlige arkivene i Telemark

Telemarksarkivet ynskjer å finne måtar å gjere privatarkiva hjå institusjonar og organisasjonar som ikkje registrerer i Asta meir synlege. Dette inneber å rettleie og bistå institusjonane og organisasjonane som står utanfor Telemarksarkivet slik at deira privatarkiv vert registrert på lik line med våre eigne arkiv.

Tittel: Synliggjøring av de usynlige arkivene i Telemark

Status: Avsluttet

Prosjekteier: Telemarksarkivet, Vest-Telemark museum

Tema: Bevaring privatarkiv

Tildelt beløp: 200 000 kr

Tildelingsår: 2017

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Omtale: I arbeidet med «Regional Bevaringsplan for Privatarkiv i Telemark» som vart starta opp i 2016, kartlegg Telemarksarkivet privatarkiv frå institusjonar og organisasjonar som ikkje nyttar Asta som registreringsverkty. Dette er arkiv som høyrer til samlingane hjå museum utanfor konsolideringane i Telemark, lokalhistoriske arkiv, historielag, bibliotek og kommunale arkiv. Ein fellesnemnar for desse er at dei sjeldan har ressursar eller kompetanse til å drive noko større registrerings- og ordningsarbeid. Arbeidet med privatarkiva vert difor ikkje prioritert i noko større grad. I fylket vårt har 21 av dei 30 historielaga opplyst at dei har privatarkiv. Saman med andre institusjonar har me kartlagt meir enn 600 hyllemeter privatarkiv frå nesten 500 arkivskaparar. I tillegg høyrer 20 000 fotografi og 40 000 digitale fotokopiar til dei forskjellige samlingane i Telemark. Meir enn 600 hyllemeter privatarkiv Til no har me avdekka kring 250 hyllemeter privatarkiv frå historielaga i Telemark. Materialet er hovudsakleg uordna og stort sett ikkje registrert nokon stad. Ved desse tilfella sit me att med opplysninga «det eksisterer fem hyllemeter privatarkiv i historielaget», utan å vite noko meir om innhaldet. Dei fleste historielag verker å ha eit ynskje om å setje i gang arbeidet med sine samlingar. Reise på befaring.