Elen Loftesnes (1905-1979) frå Sogndal dreiv som fotograf i Sogndal i perioden ca. 1930-1960. Arkivet etter Loftesnes er eitt av berre to bevarte fotografarkiv frå regionsenteret Sogndal, og dessutan eitt av berre to bevarte fotoarkiv etter dei kvinnelege fotografane frå og i Sogn og Fjordane. Prosjektet har som målsetjing å ordne, digitalisere, registrere og publisere fotoarkivet etter Elen Loftesnes, samt å samle inn historikk knytt til hennar verksemd som fotograf.
Tittel: Fotoarkivet etter fotograf Elen Loftesnes
Status: Avsluttet
Prosjekteier: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Tema: Bevaring privatarkiv
Tildelt beløp: 200 000 kr
Tildelingsår: 2018
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
Omtale: Bakgrunn og prosjektmålsetjingar Elen Loftesnes (09.01.1905-02.12.1979) frå Sogndal etablerte atelier og fotobutikk på familieeigedomen «Solheim» i Sogndalsfjøra kring 1930. Ho var aktiv som fotograf i alle fall til utpå 1950-talet. Fotoarkivet etter Elen Loftesnes utgjer kring 2,4 hyllemeter; anslagsvis kring 3000 negativ og ca. 3000 positiv. Det er ein fragment av Loftesnes sin produksjon som er berga for ettertida – delar av materialet vart funne på loftet i eigedomen «Solheim» av ny huseigar i 1988, medan den andre delen av materialet vart funne i eit naust tidlegare eigd av Elen Loftesnes i 1990. I fotoarkivet etter Loftesnes finn vi både atelierportrett, prospekt og bilete frå aktuelle hendingar i lokalmiljøet. Fotoarkivet etter Loftesnes dokumenterer ein nyare del av historia, perioden ca. Reppen (datert til ca. 1888-1925). Arkivet etter Elen Loftesnes er såleis eit viktig fotoarkiv i eit regionalt perspektiv. Med dette vil eit viktig fotografisk materiale bli berga for ettertida og tilgjengeleg for bruk av ålmenta. Fotoarkivet Materialet står per i dag slik det vart avlevert til fylkesarkivet. Negativa ligg i hovudsak i originalkonvoluttar med noko motivinformasjon påført konvolutten, medan positiva ikkje har informasjon tilknytt. Ho var ugift og aktiv i Frelsesarmeen.