Varangerarkiver

Prosjektet har som mål å redusere etterslepet knytta til ordning, registrering og tilgjengeleggjering av arkiv ved museet sine tre avdelingar i Vardø, Vadsø og Kirkenes og at museet skal vere rusta til å drive arkivteneste etter arkivfaglege prinsipp og arbeidsmetoder. Dette krev at dei fast tilsette får auka kompetanse på arkivfaget og at rutiner blir opparbeidd for verksemda. Ein vil også i prosjektet formidle arkiv til publikum gjennom ulike kanalar for å gjere arkivmaterialet meir tilgjengeleg og for å stimulere til at det blir samla inn fleire arkiv i regionen i framtida.

Tittel: Varangerarkiver

Status: Avsluttet

Prosjekteier: Varanger museum

Tema: Bevaring privatarkiv

Tildelt beløp: 400 000 kr

Tildelingsår: 2018

Antall tildelingsår: Ettårig

Om prosjektet

Omtale: Prosjektet fekk i 2017 (utbetalt 2018) kr. 300 000 i utviklingsmidlar frå Arkivverket. Varanger museum IKS har auka sin andel midlar til prosjektet for hausten 2018 (til 43, 4 % av kostnadene) slik at det no har midlar til å vere i drift fram til 31. desember 2018. Prosjektet starta opp 20. august 2018 og Inger Lene Nyttingnes er tilsett som prosjektleiar og er den som vil arbeide i prosjektet på fulltid. Hovedprioriteringar, aktivitetar hausten 2018 1. Utarbeide lister over arkivbestand og utarbeide prioriteringsliste for ordning 2. Ordne og registrere arkiv i Asta og publisere på Arkivportalen (september – desember) 3. Kartlegge tilhøva i arkivlokala og planlegge tiltak 4. Kompetanseheving ved at tilsette ved museet deltek på to Asta-kurs (Arkivfaglig introduksjonskurs og Asta Basis) (oktober) 5. Delta i møter med, presentere prosjektet for, og utveksle erfaringar med Finnmarksarkivene (arkivfaglig nettverk for institusjoner og organisasjoner som bevarer arkivmateriale i / fra Finnmark) 6. Formidling gjennom facebook og artiklar i media (jamleg) 7. Utarbeide rutiner for bruk av arkiva og arkivlokala I 2019 vil ein i prosjektet følgje den opprinnelege prosjektplanen som var utarbeidd i 2017. Unntaket er at vi har sett transkribering av materiale på vent inntil vidare. Materiale.

Rapporter

Samme sluttrapport vises også på prosjektsidene for 2017 og 2019.