Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning

Korleis kan digitalisering av arkiv og aktivering av arkivinstitusjonars kompetanse bidra i arbeidet med demokratisk danning i høgare utdanning?Vi ynskjer å utvikle eit samarbeidsprosjekt mellom IKAMR og Høgskulen i Volda som skal utvikle lærarstudentanes innsikt i korleis kunnskap blir til og bidra til at studentane får erfaring med kjeldearbeid i eit læringsstøttande miljø. Å lese primær- eller sekundærkjelder krev innsikt i samspelet mellom kontekst og tolking. Lesing av kjelder i kontekstsvake samanhengar kan gi sviktande tolkingsgrunnlag og føre til feiltolking. Tilgang til kjelder i eit ope, digitalt arkiv bidreg ikkje nødvendigvis i seg sjølv til å styrke ein demokratisk praksis, men krev at vi gir medborgarar kunnskap om samspelet mellom primær- og sekundærkjelder i tolkingsarbeid. Vi har derfor gjennomført eit undervisningsår der vi har lagt til rette for arkivarbeid i undervisninga og sameint arkiv- og didaktisk kompetanse.[1] Vi har aktivt brukt høgskulen si læringsplattform, Canvas, og bygt eit studierom for utvikling av arkivkompetanse ved å gi tilgang til digitaliserte primærkjelder, tilrettelagt av IKAMR. I samarbeid med biblioteket ved Høgskulen har vi gitt tilgang til sekundærkjelder som støttar primærkjeldematerialet. Responsen blant lærarstudentane er svært positiv og vi ynskjer å vidareføre prosjektet. [2] [1] Sjå matrise – undervisningsopplegg/innhald og organiserig[2] Sjå vedlegg. Utdrag frå studentane sine loggar, samt tekstar publisert på IKAMR sine heimesider. https://www.ikamr.no/nyhende/evaluering-etter-arbeid-med-primaerkjelder-hogskulen-i-volda I dette prosjektet vil vi vidareføre dette samarbeidet med desse tiltaka:Utvide tilfanget av digitaliserte arkivkjelder. Forsking: Gjennomføre systematiske undersøkingar av Korleis studentar på bachelornivå brukar digitalisert primærkjeldemateriale? (metode: observasjon, tekst)I kva grad studentane utviklar kompetanse om kunnskapsproduksjon (metode: dokumentanalyse – studenttekstar)I kva grad studentane utviklar innsikt i arbeid med arkivsom ein didaktisk metode? (metode: observasjon og dokumentanalyse) I kva grad studentane utviklar relevant forskingserfaring (før masterløpet) og kritisk tenking? (metode: kvalitative intervju under/etter mastererfaring)Vi ynskjer å oppretthalde samarbeidet over fire semester, slik at vi kan gjere komparasjonar over tid og mellom kull. Vi treng tilstrekkelege kjeldegrunnlag for å å kunne justere for normalvariasjon. Formidling: Vi vil bearbeide data og drøfte funn som vi ynskjer å dele i relevante forum: Tidsskrift, kurs og seminar i utdanningssektoren og for arkivsektoren. Funn vil vere relevante for institusjonane si planlegging av tilrettelegging og bruk av digitalisert kjeldemateriale. Dei digitaliserte kjeldene vil verte publiserte på digitalarkivet og lenka opp i læringsplattforma Canvas. Slik får studentane også indirekte kjennskap til digitalarkivet.

Tittel: Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning

Status: Pågående

Prosjekteier: IKA Møre og Romsdal

Tema: Formidling og forskning, Tilgjengeliggjøring

Tildelt beløp: 160 000 kr

Tildelingsår: 2022

Antall tildelingsår: Flerårig

Om prosjektet

Prosjektet møter eit behov hjå unge menneske for kontakt med si nære og lokale fortid. Dette er synleg blant unge kvinnelege studentar som får høve til å studere kvinnerelaterte tilhøve lokalt, som generelt har fått mindre merksemd enn fiskar- og industrihistorie. Arbeidet med primærkjeldematerialet fører studentane til litteraturen for kontekstuell informasjon, og bidreg til å stimulere eit mangfald av studentane til kontakt med lokal og regional historie. Det er eit vilkår for utvikling av stadsidentitet og bidreg til forvaltning av lokale verdiar. Overlevering av lokal historie styrkar fellesskap og samhald, og verkar utjamnande. Lokal kunnskap bidreg også til å auke forankring i natur og kultur, og forståing er grunnlaget for å forvalte lokalsamfunn på berekraftige premissar. Unge må setjast i kontakt med si eiga historie for å forstå dens makt og mulegheit. Denne måten å arbeide på ser ut til å stimulere kognitiv og emosjonell utvikling. HVO har ansvaret for å designe innhald i emnet som mellom anna vil omfatte ein tydlegare didaktikk-profil, og ei tydlegare handsaming av sensitive og kontroversielle tema. Vi bearbeidar informasjon, etablerer førebelse funn.