Fylkesarkivet i Vestland oppbevarer i dag, til liks med andre regionale og lokale aktørar, fleire samlingar av notemanuskript og tekstar. Manuskripta har ulike opphav. Samlingane består av manuskriptsamlingar etter komponistar, mangfaldiggjorte og samansette samlingar av notar og tekstar. Vidare finn vi nedteikningar av norsk tradisjonsmusikk som er skrive ned av ulike innsamlarar. Dette materialet er av stor verdi. I dag finst det ulike fagsystem for å handtere ulike sider ved bevaring og formidling av musikkmateriale, enten det er papirbasert, digitalisert eller digitalt skapt. Hjå Fylkesarkivet i Vestland blir samlingar registrerte i ASTA, medan lydmateriale registrerast i eige fagsystem. Skriftleg materiale kan leggjast ut på Digitalarkivet. Sjølv om dei eksisterande systema som er tilgjengelege for arkivfeltet er nyttige til kvart sitt bruk, vantar det ein infrastruktur som mogleggjer samsøk på tvers av fagsystem og databasar som både tilfredsstiller krava til digital langtidsbevaring og produksjon av fagspesifikk metadata for materialet. Dette gjer at mange samlingar ikkje blir publiserte og tilgjengelege for ålmenta.Prosjektet har to hovudmål:Det er greidd ut og skildra kva for metadata og søkekategoriar som er hensiktsmessige for å sikre musikkfagleg handsaming av note- og tekstmateriale Det er vurdert korleis ein kan sikre ein digital infrastruktur som mogleggjer samsøk på tvers av ulike fagsystem og som oppfyller dei faglege krava til materialet For å nå mål 1 vil prosjektet søkje innspel frå andre aktørar med små og store musikksamlingar. Fylkesarkivet i Vestland har regionalt koordineringsansvar for tradisjonsmusikkarkiv i Vestland og leier som ein del av dette eit nettverk av musikkarkiv. Dette nettverket er ein naturleg samarbeidsarena for å greie ut faglege behov. For å nå mål 2 vil vi trekkje på kompetanse innan digital infrastruktur og eksisterande databasetenester for arkivfeltet. Fylkesarkivet i Vestland har kompetanse på utvikling av digital infrastruktur, og driv fleire prosjekt for å utvikle tenester for registrering og digital bevaring av arkivmateriale. Her vil vi og greie ut publikumsløysingar. Vidare vil vi etablere kontakt med konsulentar for å drøfte tekniske behov for den tekniske løysinga. Ulike aktørar i regionen bruker ulike fagsystem for å registrere musikksamlingane. Vidare arbeider Kulturdepartementet med å forme ut eit mandat til Nasjonalbiblioteket om å greie ut ein avløysar for det gamle databaseverktøyet FIOL, som blir brukt av fleire arkiv med samlingar av tradisjonsmusikk. Fylkesarkivet i Vestland har eit eige fagsystem for lydopptak av tradisjonsmusikk. Prosjektet vil greie ut kva behov som vil melde seg ved utvikling av eit nasjonalt fellessystem, og sikre enkel tilgang på materiale på tvers av aktørar og fagstem. Sidan aktørane i Vestland alt i dag nyttar ulike system, er denne regionale avgrensinga og tenleg for eit slikt forprosjekt. Faglege søkekategoriar og behov knytt til den digitale infrastrukturen som blir greidd ut i dette forprosjektet kan vera nyttig for eit framtidig nasjonalt utviklingsarbeid.
Tittel: Forprosjekt for ei digital infrastruktur for handsaming og publisering av notar og tekstar
Prosjekteier: Fylkesarkivet i Vestland
Tema: Sektorutvikling privatarkiv
Tildelt beløp: 240 000 kr
Tildelingsår: 2022
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
15.01-01.05 Dialog og møte med aktørar på feltet for å drøfte felles praksis og behov
01.04-01.06 Starte dialog med aktuelle konsulentar for å greie ut tekniske løysingar som mogleggjer samsøk på tvers av fagystem
01.04-01.10 Starte arbeidet med framlegg til felles databasekriterier
01.06-01.09 Innhente og vurdere aktuelle skisser frå konsulentar
01.08-01.11 Vidare dialog med samarbeidspartnarar med tanke på felles praksis og arbeid med digital infrastruktur
01.11-31.12 Ferdigstilling av utgreiing og forprosjekt.