Føremålet med prosjektet er å byrje etterlengta utvinning av data frå biletfiler som allereie er digitisert. Prosjektet vil i hovudsak romme handskrivne kommunale arkivkjelder frå tidsrommet 1837 og 1946. Ynskja resultat frå prosjektet er å etablere ei automatisert arbeidsløype som mogleggjer handskriftsattkjenning på større skala enn dagens betalingsløysingar.
Tittel: Automatisert løype frå biletfil til «skitne transkripsjonar»
Status: Pågående
Prosjekteier: IKA Hordaland
Tema: Offentlig arkivdanning, Tilgjengeliggjøring
Tildelt beløp: 250 000 kr
Tildelingsår: 2024
Antall tildelingsår: Ettårig
Om prosjektet
IKA Hordaland har sidan 2020 digitisert store mengder kommunale arkivkjelder til Digitalarkivet og lagt stor innsats i metadata og arkivskildring. No ynskjer vi å utvide innsatsen til å også bruke maskinlæring til å utforske innhaldet i kjeldene. Mange prosjekt utforskar dagens løysingar med Transkribus og Teklia. Vår erfaring med slike dyre programvarer er at ein får relativt lite igjen for mykje innsats. Dette prosjektet tek i bruk eksisterande opne modellar frå datadelingsnettstader for å undersøkje om ein kan nytte HTR i større skala på arkivkjelder allereie i dag. Prosjektet vil etablere ei arbeidsløype som ser slik ut: 1.1) For møtebøker og liknande som har løpande tekst og avsnitt. Byggje automatisert metode for å maskinelt identifisere tekstbolker og liner. Til dømes ved bruk av svenske riksarkivet sin HTRFLOW. 1.2) For fråversdagbøker og andre protokollar som har tabellar. Byggje automatisert metode for å maskinelt identifisere ruter og kolonner. Til dømes ved bruk av Microsoft sine opne modellar «table-transformer-structure-recognition». 2) Bruke eksisterande HTR-modellar til å køyre på layoutane som er laga i punkt 1. Alternativt er også den relativt nyutvikla Arkindex-platformen til Teklia 100% open source. Innovasjon: Prosjektet er nyskapande i arkivsektoren. Overføringsverdi: Ja. 15. aug.